– Stor medkjensle med Wara

Jon Georg Dale fungerer frå no av som justis- og beredskapsminister, i tillegg til å vere samferdselsminister. Dale skriv på Facebook i dag at han har stor medkjensle med Tor Mikkel Wara og familien hans. Wara har inntil vidare pause frå jobben som justis- og beredskapsminister, sidan sambuaren hans er sikta i høve ein brann i familiens bil søndag. – Eg skal inntil vidare både vere samferdselsminister og justis- og innvandringsminister. Dette er to tunge og viktige fagfelt. Eg vil gjere alt eg kan for å gjere ein god jobb på begge desse felta, melder Dale.

Nye ministere i regjeringen
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix