Hopp til innhold

– Skuledebattar er det verste eg veit

– Skuledebattar er noko av det verste eg har vore med på som politikar. Ut over underhaldningsverdien er eg usikker på kva verdi skuledebattane har, seier stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp).

Jenny Klinge
Foto: Terje Reite / NRK

Skuledebatt frå Fagerlia VGS i Ålesund

Over heile landet går det føre seg no heftige debattar i regi av dei vidaregåande skulane framfor stortingsvalet. Debattane skal gje førstegongsveljarane eit grunnlag for å kunne ta stilling til kva parti som skal få deira stemme 11. september.

Eg hevdar meg godt i store, vanskelege debattar både på radio og TV, lokalt så vel som nasjonalt. Men akkurat skuledebattane er svært vanskelege. Og eg veit det er mange som føler det slik. Desse debattane er ofte både ustrukturerte og useriøse, seier Klinge.

På veg til skoledebatt

På veg til skuledebatt på Parken kulturhus i Ålesund. Denne gongen er det Ålesund vidaregåande skule som arrangerer debatten.

Foto: Terje Reite / NRK

– Får fram politikken til førstegongsveljarar

På Parken kulturhus i Ålesund strøymer elevane frå Ålesund vidaregåande skule til for å få informasjon frå partia i forkant av valet. Straks elevane er innanfor dørene blir dei møtt av ungdomsrepresentantar frå dei ulike partia som deler ut brosjyrar, drops og anna valmateriell.

– Skuledebattane er ganske viktige. Her får vi fram politikken og meiningane våre. Og vi kan bryte ned fordommar som mange kanskje har mot partia, seier Henning Holsvik frå KrFU.

– Jenny Klinge kritiserer slike skuledebattar for å vere useriøse?

– Ja, dei kan bli useriøse, særleg når det utartar seg med personangrep. Men det har blitt betre, og i år syns eg alle har blitt mykje flinkare, seier Holsvik.

Skuledebatt i Ålesund

Henning Holsvik representerer Kristeleg folkeparti og Steinar Ørstenvik Miljøpartiet De Grønne. Begge meiner deltakarane i skuledebattane har blitt flinkare med åra.

Foto: Terje Reite / NRK

– Er blitt flinkare

Steinar Ørstenvik frå Miljøpartiet De Grønne er samd med Holsvik. Han ser også på skuledebattane som viktige for valdeltakinga blant unge. Og han meiner debattkulturen har blitt betre.

– Det har vore sagt ting som har gått personleg ut over andre kandidatar. Men alle har blitt flinkare til å unngå dette, seier Ørstenvik.

Skuledebatt i Ålesund

Lage Nøst frå Miljøpartiet De Grønne la vekt på miljøpolitikken. 11 politiske parti var representert under denne debatten.

Foto: Terje Reite / NRK

Heftig debatt

Inne i salen får debattdeltakarane klargjort reglane for dagens debatt. Kvar kandidat får halde ei innleiing på to minutt. Deretter skal det bli debatt, først om miljø, så om skule og kanskje skal det bli tid til litt om skatt og økonomi.

Kristeleg folkeparti er først ute, og haustar høfleg applaus. Den same roa i salen er det etter Venstre sitt innlegg. Jubel i salen blir det først etter Unge Høgre sitt innlegg. Representanten har teke retoriske grep og kan lokke med ein statsminister frå Vestlandet. Partiet Rødt sin representant går heilt fram til scenekanten, slår om seg med eit par morsomheiter og haustar hauking, hoiing og applaus frå salen før han fyrer laus med dei politiske poenga frå partiprogrammet.

Alle partia presenterer politikken sin etter boka, og nokre av dei nyttar grep for å få merksemd. Som for eksempel:

  • – Det er ikkje tilfeldig at hjartet er til venstre og blindtarmen til høgre
  • – De er som ein fjortenåring, de vil og vil men får det ikkje til
  • – Når eg ser på dykk er det som å sjå på ei skute i ei flaske. Eg tenkjer: Korleis i h ... kom de inn dit ...
  • De er som julenissen, kan sjå grei nok ut, men eg trur ikkje på dykk.
Skuledebatt i Ålesund

Om lag 300 elevar var til stades under skuledebatten på Parken kulturhus.

Foto: Terje Reite / NRK

– Retorikk og standupshow

Også stortingsrepresentant Else-May Botten åtvarar mot at skuledebattane skal vere for sterkt prega av teknikkar for å fange merksemd og for lite av politikk.

– Det blir mykje innøvd retorikk. Skuledebattar er svært krevjande og dei er ikkje alltid like seriøse, seier Botten.

Ho vonar at elevane klarer å sjå gjennom showet og retorikken og at elevane på eiga hand både googlar og elles går til kjeldene for å finne ut kva parti dei skal stemme på.

– Valkampen må ikkje bli ein standupshow. Det ville i så fall vere respektlaust overfor veljarane. Eit show der ein blir sjarmert av retorikk og enkle poeng kan vere eit dårleg grunnlag når ein skal bestemme seg for kva parti ein skal gje stemma til, seier Botten.

Else May Botten

Else-May Botten seier det blir mykje innøvd retorikk og standupshow under skuledebattane.

Foto: Terje Reite / NRK

Styring

Jenny Klinge hevdar at ho kjenner til representantar frå parti som har teke seg svært nær at ting som har vore sagt i skuledebattar.

–Eg kjenner fleire som har gått rett på do og skrike etter slike debattar. Og debattar som har gått ut av styring har teke knekken på politiske talent, seier ho.

Ho har følgjande råd til dei som arrangerer skuledebattane:

– Sett opp klare tema for debattane og ha ei tydeleg styring. Pass på at alle får kome til orde og stopp dei som tek seg til rette, seier Klinge.