Hopp til innhold

– Skaper uvisse om KrF sin kristne profil

Dei to tidlegare stortingsrepresentantane for Kristeleg Folkeparti, Kjell Furnes og Per Sævik, åtvarar mot å nedtone kristendomen i partiet.

Sævik Furnes

To Krf-veteranar: Kjell Furnes og Per Sævik. Saman med fleire andre KrF-eteranar fryktar dei for ei utvatning av den kristne profilen til partiet.

Foto: NRK

Dei to har skrive under på eit opprop saman med ei rekkje veteranar i Kristeleg Folkeparti.

Blant underskrivarane finn vi folk som Anita Apelthun Sæle, Gunnar Prestegård, Svein Alsaker og Kjell Svindland.

– Vi har ei felles uro for situasjonen og snakkar ein del saman, seier Kjell Furnes, til avisa Vårt Land.

  • Les: Simon Molvær Grimstad: Klar for toppen av KrF-lista

Furnes seier at utgangspunktet for oppropet er ein artikkel i avisa Dagen der fleire ungdomsleiarar i KrFU ønskjer at partiet skal få ein breiare profil. I denne artikkelen handlar det om å tone ned gamle kampsaker, som kampen mot ekteskapslova og kampen mot sjølvvald abort.

– Det er skapt stor uvisse om partiet sin kristne profil, seier Per Sævik til Vårt Land.

Underskrivarane hevdar at KrF får liten verdi om partiet vert breiare og mindre kristeleg, dersom det ikkje er eit «lim» som held partiet saman.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL