Hopp til innhold

– Sats meir på ammekyr

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale meiner Møre og Romsdal burde satse på ammekyr. Overproduksjon av sau og lammekjøt, og nedgangen i bruken av mjølk kan skape ein utfordrande situasjon for bønder i vårt fylke under årets landbruksoppgjer. – Vi må få ein betre marknadsbalanse. Det må vi gjere ved å hindre at mjølke- og lammekjøtproduksjon blir flytta til Austlandet. Vi må finne ei løysing, men det hjelp ikkje å auke overføringane dersom det fører til ytterlegare produksjon. Då blir problema berre verre, seier Dale.

Ammekyr i Nelvika på Smøla
Foto: Marit Janne Hatlelid

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL