– Rørslene har aldri vore større

Rørslene i det rasutsette fjellpartiet Veslemannen i Rauma har aldri vore større. Det seier seksjonsleiar i NVE, Lars Harald Blikra til NRK. Men det er heller ikkje uventa at rørslene er så store no, sidan det er vanleg til lengre ut på hausten ein kjem. Det er no mykje snø i fjellet og det er meldt mildvêr framover. Det er ein av grunnane til at det framleis er raudt farenivå ved Mannen.

Lars Harald Blikra
Foto: Remi Sagen / NRK