Hopp til innhold

– Reforma kjenner ingen grenser

– Det er slett ikkje umogleg at Ona, Sandøy og Orten får bryte med resten av Sandøy kommune, seier assisterande fylkesmann Rigmor Brøste.

Finnøy

Sandøy kommune kan bli delt gjennom kommunereforma.

Foto: Agnar Harnes

Medan kommunen elles hellar mot ei samanslåing med Haram og Sunnmøre, ønskjer øyane heller å gå nordover og høyre til Aukra og Romsdal.

– Eg trur nesten alle dei om lag 60 innbyggarane på dei nordlege øyane vil til Romsdal, seier Kjellaug Iversen Breivik.

Ikkje noko imot sunnmøringar

Rigmor Brøste Møre og Romsdal

Assisterande fylkesmann Rigmor Brøste får truleg færre kommunar å halde styr på.

Foto: NRK

Assisterande fylkesmann Rigmor Brøste set pris på at innbyggarane engasjerer seg på denne måten. Ho understrekar at det ikkje finst verken kommune- eller fylkesgrenser i kommunereforma.

– Vi har ikkje noko imot sunnmøringar, men føler oss meir knytte nordover, og Molde er og har vore byen vår, seier Breivik.

Arve Linningsvoll stadfestar at engasjementet og viljen til å påverke er stor. Han lever i den tru at dei skal tilhøyre Romsdal slik dei har gjort.

Rom for identitet

Havna på Ona med Ona Havstuer

Ona ønskjer å høyre til Romsdal

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Brøste meiner at det er naturleg at dei blir høyrde, sjølv om dei er få. Ho rår kommunen til å lytte til så samstemte signal.

– Det er ikkje grensene på kommunane som er identiteten til folk, det er plassen der dei bur. Det ser vi tydeleg i denne saka, seier assisterande fylkesmann Rigmor Brøste. Ho peiker på at det er rom for mykje identitet i kommunereforma.

– Men då må folk engasjere seg på liknande vis som på Ona, Sandøya og Orten.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL