Hopp til innhold

– Redusert bemanning bryt forskrift

Ein eventuell overgang til einmannsbetente ambulansar i Geiranger vinterstid vil vere eit brot på forskriftene om ambulansetenesta, seier leiar i Ambulanseforbundet, Ola Yttre.

Forslaget er under utarbeiding i Helse Møre og Romsdal og det er ikkje gjort vedtak i saka.

Ifølge forskrifta skal ambulansane vere bemanna med minst to helsearbeidarar som har dokumentert helsefagleg kompetanse.

– Blir bemanninga dårlegare får ikkje pasientane forsvarleg behandling. Eit slikt forslag betyr det same som å fjerne eit tilbod frå pasientane. Det betyr at befolkninga i Geiranger står i fare for å misse ei god akuttmedisinsk teneste, seier Yttre til NRK.

Yttre viser til forskrifta for ambulansetenesta. Der heiter det at ambulansane skal vere bemanna med to ambulansearbeidarar, der begge skal ha autorisasjon som helsepersonell.

– Brannvesenet er allereie i dag på staden og gjer ein god jobb. Men brannvesenet sin jobb må heit klart vere noko som kjem i tillegg til det ambulansepersonellet står for. Eit forslag om einmannsbetjent ambulansestasjon fører oss 20 år attende i tid, seier Yttre.

Etter det NRK Møre og Romsdal kjenner til er forslaga om endringar i ambulansetenestene framleis på eit tidleg stadium, og har enno ikkje vore til drøfting blant dei tilsette. I morgon blir styret i Helse Møre og Romsdal orienterte om det omfattande arbeidet med sparetiltak i klinikkane. Men administrasjonen har så langt ikkje funne sparetiltak for heile sumen som skal kuttast. Eventuelle reduksjonar i ambulansetenesta har kome opp i det førebuande arbeidet med dei gjenstånde utfordringane i økonomien til føretaket.

Ola Yttre sitter bak rattet under hele turneen som Ambulanseforbundet i Delta og LHL kjører i gang f
Foto: Martin Müller / Delta