Hopp til innhold

– Rart å tenke på klatring no

Det skal klatrast igjen på Mount Everest i neste veke. – Umoralsk, seier fjellveteranen Stein P. Aasheim.

Stein P. Aasheim

– Nesten grotesk og umoralsk, seier klatreveteranen Stein P. Aasheim om nepalesiske styresmakter si satsing på å få i gang att klatringa.

Foto: Omar Sejnæs / NRK

Ein tenestemann i Nepal seier at klatringa på verdas høgaste fjell skal takast opp att i neste veke.

– I ein slik situasjon blir det umoralsk å bruke tid og krefter i Nepal på at folk frå Europa skal få kome dit og bestige eit fjell, seier Stein P. Aasheim i Rauma. Han var med på den første norske Everest-ekspedisjonen i 1985, under leiing av Arne Næss jr.

Klatring viktig for økonomien

Snøskredet etter jordskjelvet i Nepal kravde 18 menneskeliv i Mount Everest. No vil styresmaktene ha klatringa i gang att raskt, noko som viser kor viktig dette er for turismen og økonomien i det fattige landet.

Meir enn 5 500 personar er døde etter jordskjelvet i Nepal.

Skadde blir fraktet i sikkerhet på Mount Everest

Skadde vart frakta i tryggleik på Mount Everest laurdag 25.april. No blir det arbeidd med å få klatringa i gang att.

Foto: ROBERTO SCHMIDT / Afp

– Nesten grotesk

Stein P. Aasheim meiner det er nesten grotesk å skulle bruke energi, tid og ressursar på klatring no. Men han forstår godt at styresmaktene er opptatt av å få klatringa i gang att så raskt som råd:

– Turismen og klatringa er veldig viktig i Nepal. Alle er opptatt av å kome tilbake til normalen. Ingen trur at klatringa på Everest vil stoppe opp for alltid. Likevel må det viktigaste no vere å redde liv og å bygge opp att raserte landsbyar.

Ekspedisjon Mount Everest 1985

Stein P. Aasheim var med på den første norske Everst-ekspedisjonen i 1985. Aasheim heilt til høgre på bildet.

Foto: Laurvik, Henrik / NTB scanpix

– Bør heller hjelpe til

– Det ville vore langt betre om klatrarane brukte tid på å hjelpe til, enn å berre tenke på si eiga klarting, seier han.

– Er det respektlaus å dra på klatretur no?

– Det vil eg ikkje seie. Men med den kunnskapen eg har, stussar eg over at både turistar og styresmakter tenker på klatring i dag. Turistar frå Europa får heller hjelpe nepalesarane enn å tenke på sin eigen hobby.

Stein P. Aasheim har venner i landsbyen Kunde, der over nitti prosent av bygningane er raserte.

Snøskred på Mount Everest

– Stussar over prioriteringa

– At styresmaktene vil ha klatringa i gang att allereie i neste veke, viser kor viktig dette er. Turisme gir pengar, og ingen tenker at klatring og fjellturar skal stoppe i all framtid. Alle vil tilbake til normalen. Det eg stussar over er at nokon prioriterer dette i dagens situasjon.

Snøskredet som raste gjennom Base Camp laurdag, øydela også stigane som går gjennom brefallet Khumbu lenger opp i fjellet. Dermed vart det spekulert i om vårens klatresesong var over.

Klatrarane vil i gang att

– Stigane skal bli reparerte i løpet av dei neste to-tre dagane og klatringa vil halde fram. Det er ingen grunn til at nokon skal avslutte ekspidisjonane sine, seier sjef for turistdepartementet, Tulsi Gautam til nyheitsbyrået AFP.

Gautam seier regjeringa denne veka har hatt samtalar med fjellklatrar og guidar, som seier dei er ivrige etter å halde fram klatringa.

Så langt er meir enn 5 500 personer stadfesta døde etter jordskjelvet i Nepal.