Hopp til innhold

– Orkar ikkje meir ferjetrøbbel

Ferjene får maskinhavari og må på service. Men ferjeselskapa manglar reserveferjer. Øysamfunn blir isolerte og det det blir stans i sambanda over fjordane. – Eg orkar ikkje meir, seier den leiande samferdslepolitikaren i Møre og Romsdal.

Frank Sve

Frank Sve(FrP) er leiar i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal. No orkar han ikkje meir ferjetrøbbel.

Foto: Trond Vestre / NRK

Tysdag ettermiddag skjedde det igjen. Ei av dei største øyane i Noreg, Smøla, var heilt isolert. Ferja er livsnerven til dette øysamfunnet. Men ferja fekk tekniske problem og var ute av drift i over fire timar. Dette kjem på toppen av liknande tilfelle i store samband langs kysten.

Bilferga Tustna

Bilferja 'Tustna' var innstilt i timesvis tysdag kveld. Øysamfunnet Smøla var isolert.

Foto: Harald M. Valderhaug/Fjord1 MRF

– Eg orkar ikkje å halde på med dette lenger. No må dette på plass, så no får ein eller annan kome og rydde opp, seier leiar i samferdsleutvalet i Møre og Romsdal, Frank Sve (Frp).

Smøla isolert

Fylka tok over riksvegane

Frå nyttår tok fylka over store deler av riksvegane i Noreg. I denne overføringa frå Staten ligg også ansvaret for riksvegferjene på desse strekningane.

– Dette er forferdeleg. Vi snakkar om å ha teke over «Svarte-Per». I Møre og Romsdal har fylket teke over 22 ferjestrekningar. Vi har teke over eit ekstremt problem, seier Frank Sve.

Ventar ferjekaos

Framleis redusert drift

Sinte over ferjekaos

Samferdselspolitikarane i Møre og Romsdal er no sinte på grunn av ferjekaoset. Dei krev at det blir sett inn reserveferjer når dei faste ferjene er ute av drift. mangel på reserveferjer har ført til lange køar og full stans i trafikken fleire stader. Samferdslesjef Arild Fuglseth vedgår at situasjonen er alvorleg.

Samferdselsdirektør Arild Fuglseth

Samferdselssjef Arild Fuglseth.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

– Akkurat no er dette veldig alvorleg. I Møre og Romsdal har vi fem reserveferjer. Og no er desse reserveferjene ute på grunn av at fleire ferjer er på vanleg vedlikehald. Når vi då i tillegg får vanskar med reserveferjene har vi kome i ein vanskeleg situasjon, seier Fuglseth.

Ørsneset-Magerholm for halv maskin

Krasja i kaia

Krever bedre ferjeberedskap

– Fjord1 har omdømmeproblem

Det var Fjord1 som fekk smake pisken under samferdselsutvalsmøtet i Møre og Romsdal tysdag. Fleire av politiarane kom med knallhard kritikk mot reiarlaget. Ivar Betten (Ap) meiner det er skapt eit omdømmeproblem.

Ivar Betten

Ivar Betten (Ap)

Foto: Trond Vestre / NRK

– Eg meiner Fjord1 MRF er i ferd med å misse omdømmet. Fjord1 MRF tek ikkje naudsynt ansvar. Dei skuvar ansvaret over på oss politikarane. Dei slår berre ut med armane og krev meir pengar, seier Betten.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL