Hopp til innhold

Krasja i kaia

Bilferja Nordmøre køyrde i formiddag inn i ferjekaia på Mordalsvågen i Molde og det blei skadar på kaia og på fallporten på ferja.

Ferjekaia øydelagd

Ferjekaia i Mordalsvågen blei øydelagd då ferja Nordmøre braste inn i ferjelemmen. Heile dagen kan gå før kaia er reparert.

Foto: Håvard Ketil Sporsheim / NRK

Rute 30 mellom Mordalvågen og Solholmen i Midsund er dermed innstilt inntil vidare.

Ferge krasjet i kaia

Det er ikke kjent kva som gjorde at ferja traff for hardt. Fjord1 MRF har ikkje motteke nokon rapport frå ferja enno. Men samanstøyten var rimeleg hard, seier Ståle Tangen i Fjord1 MRF.

Mordalsvågen ferjekai

Mannskap var på plass for å reparere kaia måndag formiddag.

Foto: Håvard Ketil Sporsheim / NRK
Arnstein Heilevang

Arnstein Heilevang reknar med at dei kjem til å bruke heile dagen før ferjekaia kan brukast att.

Foto: Håvard Ketil Sporsheim / NRK
Ferjekai Mordalsvågen

Ferjekaia kan ikkje brukast før seint måndag ettermiddag.

Foto: Håvard Ketil Sporsheim / NRK

- Det var ein hard støyt mot kaia. Vi har fått ein skade på fallporten på ferja og på sjølve ferjelemmen. VI kan ikkje seie noko sikkert om kva som er årsaka til dette, seier Tangen.

Fjord1 MRF har ikkje fått melding om samanstøyten fekk følgjer for bilar og passasjerar ombord.

I formiddag har mannskap frå Mesta forsøkt å reparere kaia. Men ved 12-tida venta mannskapet framleis på ein kranbil som kan reise opp fall-lemen.

- Mesteparten av dagen kjem til å gå før vi får reparert ferdig kaia, seier Arnstein Heilevang til NRK Møre og Romsdal.

Øysamfunn isolert i timevis

Ferje grunnstøytte

Ferje i brann

Millioner til ferjene

Ferja Nordmøre går no mellom Aukra og Midsund. Også ferja har fått skadar, slik at bilane må rygge ombord.

- Det blir avgangar kvar halvtime. Det blir altså færre avgangar enn det som er vanleg på ruta. Dette kjem til å vare til ut på ettermiddagen. Vi har fått melding frå Statens vegvesen om at ferjeleiet i Mordalsvågen kjem til å vere operativt frå måndag ettermiddag, seier Tangen til NRK.

Bilferja Nordmøre blir teken ut av trafikk straks Fjord1 MRF har fått ei erstatningsferje på plass.

- Vi vonar at vi har ei erstatningsferje på plass tysdag morgon, seier Ståle Tangen.

Bilferja Nordmøre

Bilferja Nordmøre braste inn i kaia på Mordalsvågen måndag formiddag.

Foto: Fjord1 MRF/Harald M. Valderhaug