Hopp til innhold

– No er det vinn eller forsvinn

Søndag tek Kristiansund BK imot Jerv for den andre av to viktige kvalifiseringskampar til eliteserien. Vinn dei kampen går dei vidare til å spele to avgjerande opprykkskampar mot Start. Tapar dei, er sesongen over.

Christian Michelsen

Hovudtrenar i Kristiansund BK, Christian Michelsen, er spent før søndagens kvalifiseringskamp mot Jerv på søndag.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Førre søndag tok KBK eit steg vidare mot eliteserien då dei slo Ranheim 1–0 på bortebane. Søndag møter dei Jerv som førre helg knuste Hødd sin opprykksdraum, etter eit svært spennande straffedrama på Høddvoll.

– Dette er nok ein kamp der det er vinn eller forsvinn. Vi har hatt ein god sesong der vi har nådd kvalikplass, så det er klart at gullrota er stor. Så får vi sjå om vi er gode nok til å rykke opp. Vi er i alle fall innstilt på ein tøff kamp, seier hovudtrenar i KBK Christian Michelsen.

Laster innhold, vennligst vent..

– Viktig å ikkje ta kampen for alvorleg

Michalsen meiner likevel at det er viktig å ikkje ta kampen for alvorleg.

– Vi må kose oss med det vi held på med. Spelarane er ambisiøse gutar som sjølvsagt har lyst å bli så gode som mogleg, men samtidig så veit ein at dersom ein ikkje har det artig med det vi held på med så er det berre å gi opp, seier han.

Hovudtrenaren seier det er viktig for laget å prestere saman.

– Vi skal halde fram å ha det gøy saman, og så skal vi trykke til når det er behov for det, og trekke på smilebandet når det er behov for det. Det er det vi har hatt fokus på heile sesongen, og slik vil vi halde fram, seier han.

Både Jerv og KBK er blant dei laga i 1. divisjon som har sloppe inn minst mål denne sesongen, så det blir truleg ingen målfest i Kristiansund på søndag.

– Det blir nok 0–0 og straffekonkurranse, seier Michalsen lattermild.

– Hehe, nei da, men det er to gode fotball lag som møtast. Nokre sesongar sit det defensive godt, medan andre sesongar er det det offensive som er i fokus. Vi har vore svært gode defensivt i år, men det er mykje som står på spel og eg trur marginane blir avgjerande. Eg trur uansett at det blir ein veldig spesiell kamp, held han fram.

Håpar på fulle tribunar

– Det er dette vi har jobba mot heile året, og det er ekstra stas å spele denne kampen på heimebane, seier hovudtrenaren i KBK.

Det har vore varierande tilskodartal på tribunane i Kristiansund denne sesongen, men Michalsen håpar at mange vel å ta turen til stadion på søndag for å støtte opp om laget.

– Det er stor interesse i byen, det heng flagg over alt og det er tydeleg at det er i ferd med å skje noko. Så håpar vi at det er mange som har lyst å komme på søndag. Vi trur det blir veldig spennande og då hjelp det å ha den ekstra støtta frå publikum, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL