Hopp til innhold

– Møre og Romsdal kan bli delt i to

Fylkesordførar Jon Aasen fryktar at fylket vert delt i to og endar opp som utkantar av andre storregionar i kjølvatnet av kommunereformen.

Møre og Romsdal fylkeskommune

Fylkesordførar Jon Aasen (Ap) trur Møre og Romsdal kan bli delt i to der Sunnmøre må orientere seg sørover, medan Romsdal og Nordmøre kan bli del av ein stor-region i nord.

Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune/montasje

Jon Aasen

Fylkesordførar Jon Aasen (Ap) fryktar for framtida til Møre og Romsdal.

Foto: Trond Vestre / NRK

I 2017 skal regjeringa kome med forslag til ny kommunestruktur, men fylkeskommunane skal førebels ikkje bli endra. Men fylkesordførar Jon Aasen (Ap) fryktar at store regionar blir ein realitet dersom dei nye regionane blir overført freistande oppgåver som arealdisponering og landbrukspolitikk.

– Då trur eg løpet er køyrt og det blir store regionar, kommenterer han til NRK.

Eit spørsmål om tid

– Ser du for deg at ditt eige parti, der det er krefter som jobbar for regionalisering, som vil kunne gå inn for dette?

– Ja, for det er grenser for kor lenge ein kan stritte imot. Store sterke regionar som Bergen, Stavanger, Trondheim, Tromsø vil seie eit rungande ja om forslaget kjem, seier fylkesordføraren.

– Blir utkantar

Men Møre og Romsdal er ikkje berre éin, stor sterk region. Det er tre.

– Vi er iallfall tre intern-regionar i Møre og Romsdal. Får vi store regionar, er det mykje som tilseier at fylket vert delt med eit Sunnmøre mot sør, og eit Romsdal og Nordmøre mot nord. Då vert vi samla sett utkantar i store nye regionar, og det er ikkje ein forlokkande tanke i det heile, seier Aasen.

– Klarer oss best slik vi har det no

At Møre og Romsdal vert delt i to, er eit scenario fylkesordføraren helst ikkje vil sjå.

– Det innrømmer eg er rein egoisme på Møre og Romsdal sine vegner. Vi greier oss svært godt i dag. Statistisk sett så greier vi oss glimrande, men får vi store regionar, så går det utover ryggmargen i oss, seier han.

Som sagt finst det ingen konkrete regjeringsforslag om å fjerne dei noverande fylkeskommunane, men Aasen føler seg langt frå trygg på noko slikt ikkje vil dukke opp.

– Vi har i dag to regjeringsparti som har programfesta store kommunar, men kva dei meiner om store regionar, det veit eg faktisk ikkje, avsluttar han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL