Hopp til innhold

– Møbelmessa gir høve til direkte kontakt

I dag opnar Nordens største møbelmesse i Stockholm med fleire lokale utstillarar.

Fora Form og Frode Sporshiem stiller på møbelmessa i Stockholm

Direktekontakt med bransjen, designarar og kundar gjer at Fora Form og Frode Sporsheim stiller på møbelmesse i Stockholm.

Foto: Pressebilde

Dei opplever at verda vil ha norsk design og då er messa staden å vise seg fram på.

– Denne messa er kanskje den viktigaste messa i Skandinavia, og for Skandinavisk design, meiner Runa Klock frå Ørskog.

Ho er sjølv designer, og hennar produkt har blitt vist fram på fleire internasjonale utstillingar og messer. Denne gongen skal ho vise fram ei lampe for eit dansk selskap og ein bordserie frå Ørsta-bedrifta Fora Form.

På høgde med danskar og svenskar

Designar Runa Klock

– Interessa for det norske er aukande, meiner designar Runa Klock. Ho presenterer to produkt i Stockholm.

Foto: DOGA

– Veldig kjekt å få jobbe med andre frå Sunnmøre, smiler Klock, som meiner interessa for det norske er aukande.

Tidlegare har det vore svensk og dansk design som har fått mest fokus.

– Nordisk design er i vinden, både med tanke på stilretning og formuttrykk. Kanskje gjer urolege tider at det gir tryggleik å fokusere på enkle former og kjende naturmaterial. Særleg norsk design er populært, faktisk over heile verda.

Klock blir slett ikkje åleine i Stockholm. Rundt 40 000 innkjøparar, arkitektar og designarar møtest. Det gir designarar og bedrifter eit høve til å profilere seg sjølv og sine produkt.

Profilering ansikt til ansikt

Salssjef Frode Sporsheim hos Fora Form

Salssjef Frode Sporsheim i Fora Form meiner det blir stadig viktigare å fysisk vere tilstades.

Foto: Synnøve Hole

– Eg meiner den nye generasjonen norske designarar er i skotet. Dei har vore med og brakt oss heilt på høgde med danskane og svenskane, meiner salssjef Frode Sporsheim i Fora Form.

Han nyttar og høve til å marknadsføre produkta til bedrifta. Det er ikkje første gong Fora Form stiller i Stockholm, og det er heilt medvite at dei er på plass i år også. Marknadsføring via internett er ikkje nok.

– Å skape relasjonar, snakke med folk, ta og føle på produkta, prøvesitte møblar - slike ting gjer at det blir viktigare og viktigare å vere tilstades.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL