Hopp til innhold

– Meld frå når du løyser ut skred

Hektisk ettermiddag for redningsmannskapa fredag. I løpet av få timar gjekk rasalarmen fem gonger. No ber Hovedredningssentralen skigåarar å melde frå når dei løyser ut skred, også når det har gått bra.

Fredag ettermiddag gjekk det eit stort ras på sørsida av Harstadfjellet i Gjemnes på Nordmøre. Christopher Magnus Weyde filmet raset.

Ifølgje Hovedredningssentralen har det vore 35 snøskred i Norge dei siste to vekene, noko som er uvanleg mange. Då det i ettermiddag gjekk fire ras på kort tid blei det knapt med ressursar.

Venjedalen i Rauma i snø

I løpet av kort tid gjekk det fire skred i Møre og Romsdal fredag ettermiddag.

Foto: Ottar Rydjord

– Då er det viktig å sende ressursar til rett stad. Dermed slepp vi unødige aksjonar når andre som har sett raset tek kontakt, seier Andreas Bull, redningsleiar ved Hovudredningssentralen i Sør-Norge.

Det er for tida livsfarleg å vere i fjellet der det kan gå skred. Bull forventar hektisk aktivitet for redningsmannskapa i dagane framover. Mange som går toppturar, kombinert med stor snøskredfare, kan potensielt føre til fleire aksjonar som eigentleg er unødvendige.

– Det er ofte vanskeleg ut frå det vitna fortel å vite om det er folk som er tekne av raset. Ofte har vitna sett folk i det aktuelle området før raset går, men ser dei ikkje att etterpå. Då må vi sette i verk aksjonar, seier Bull.

Betydeleg snøskredfare

Ras Rauma

Fredag ettermiddag blei det hektisk for redningsmannskapa i Møre og Romsdal.

Foto: Ottar Rydfjord

I dag gjekk det bra. Berre i Møre og Romsdal gjekk det fire store ras på få timar, alle i populære toppturområde. I går gjekk det tre snøskred i Nord-Troms.

Operasjonsleiar Morten Rebnor ved Vest politidistrikt håpar folk i fjellet følgjer oppmodinga om å melde frå når dei løyser ut skred.

– Då får vi kontroll på skreda, og kan utelukke at det ikkje er skiløparar eller turgåarar som er tekne.

Mildvêr aukar skredfaren

Håvard Thorset, ved Norges Vassdrags- og Energidirektorats (NVE) varslingsteneste varsom.no, seier det er fleire grunnar til at det er farleg i fjellet akkurat no.

Håvard Thorset

Håvard Thorset, ved Norges Vassdrags- og Energidirektorats (NVE) varslingsteneste varsom.no, åtvarar mot farlege forhold i fjellet.

Foto: Pål Hansen / NRK

– Det har kome ein del nysnø og mykje vind det siste døgnet som gjer at det har lagt seg opp ein del fokksnø i leområde mange stadar. Denne er ustabil, seier han.

Fokksnø er snø som har blåst og lagt seg til ro på lesida av fjell eller fjellrygger. Frå før av ligg det eit svakt snødekke som ikkje toler å få så mykje meir vekt på seg. Det danna seg svake snølag tidlegare i vinter og i finvêret i påska.

–. Det kjem også mildvêr frå søraust med stigande temperaturar som kan føre til våte skred i låglandet som kan losne av seg sjølv. Høgare i fjellet er flokksnøen den største utfordringa, og det er lett for skiløparar og løyse ut skred, seier Thorset.

Framleis stor skredfare

Måling av bratthet

Slik kan du finne ut om terrenget er brattare enn 30 grader.

Foto: Varsom

Snøskredfaren blir betydeleg gjennom heile helga. Ved betydeleg snøskredfare er det nødvendig med erfaring for å vurdere snøskredfaren.

Unngå alt skredterreng, særleg det som er brattare enn 30 prosent, er oppfordringa frå snøskredvarslinga.

Her er fire steg for å enkelt sjå om terrenget er brattare enn 30 grader.

Fleire tips får du her.