Hopp til innhold

– Listhaug tek motet frå oss

I fjor brukte Odd Jorulv Skjølberg tre millionar kroner på å bygge ut pelsdyranlegg på garden slik at sonen Ottar (18) kunne ta over. Berre eitt år seinare kan det hende familien må gi opp.

Odd Jorulv Skjølberg og Ottar Skjølberg

Odd Jorulv Skjølberg og sonen Ottar fortvilar over at dei kan misse støtta til fôrtransport.

Foto: Privat

Dyrlegen Odd Jorulv Skjølberg fekk mindre og mindre å gjere på Smøla etter kvart som gardsbruka vart lagt ned. I fjor bestemte han og kona Wenche seg for å satse på noko heilt anna og investerte tre millionar kroner i eit nytt pelsdyranlegg på garden der dei tidlegare hadde mjølkeproduksjon. Tanken var at sonen Ottar skulle kunne ta over slik at han framleis kunne bu på Smøla.

Men i Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug (Frp) sitt forslag til ny jordbruksavtale vert støtta for å utjamne ulikheitene i transportkostanadar for pelsdyrnæringa fjerna

– Det er heilt utruleg kor politikarane kan ta motet frå folk, fortvilar Odd Jorulv Skjølberg .

Rammar distrikta

Nokre pelsdyroppdrettarar ligg i nærleiken av fôrkjøkenet sitt, medan andre har lang veg. I dag bruker ein difor midlar for å jamne ut desse transportkostnadane. No kan 18 millionar kroner forsvinne frå pelsdyrnæringa dersom forslaget til Listhaug vert vedteke.

Fôrkjøkenet familien Skjølberg brukar ligg på Oppdal, om lag fire timar frå Smøla. Misser dei støtta, vil det gi dei 220 000 kroner i ekstrakostnadar.

– Vi gjer så godt vi kan for å overleve som bønder her på Smøla, men dersom støtta forsvinn vil det ikkje vere mogleg for oss å klare oss økonomisk, seier Odd Jorulv Skjølberg.

– Eg lurer litt på kva eg skal seie til banken etter kvart, for å seie det slik. Vi har no lånt pengar til å satse.

Kjempar for sin eksistens

På dei siste 15 åra har talet på mjølkeprodusentar på Smøla gått ned frå 34 til 4. Å satse på pelsdyrnæringa handla om å få til ei familieinntekt som gjer at familien kan halde fram med å bu der, fortel Skjølberg.

No er sonen Ottar veldig usikker på om han kan bu på Smøla for å drive garden vidare.

– Er det noko han har lyst til, så er det å drive gard, men eg kan eigentleg ikkje love han ei framtid slik det er no, seier Odd Jorulv Skjølberg.

Han trur det at støtta kan falle bort er ein del av regjeringa sin sentraliseringsstrategi. Tysdag reiser far og son til Oslo for å forklare situasjonen til politikarane.

På Stortinget skal dei møte landbrukspolitisk talsmann i Arbeidarpartiet, Knut Storberge, saman med stortingsrepresentant Else May Botten (Ap) frå Møre og Romsdal.

– Det er veldig viktig at dei skjønar at det finst folk her ute som prøver å gjere sitt beste, seier Skjølberg.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL