Hopp til innhold

Pelsdyrbøndene ventar erstatning på fjerde året

Pelsdyrbøndene vart lova eit raskt økonomisk oppgjer for å finne nye levebrød. Mange ventar framleis på millionbeløp.

Hans Arne Lundestad

UVISSE: Hans Arne Lundestad håpar på millionar i erstatning etter at han måtte legge ned pelsdyrdrifta. Enn så lenge veit han ikkje når, kor mykje eller om han får pengar.

Foto: Bård Siem / NRK

Dei raude revehusa oppe i åssida på Sandane i Nordfjord står tomme. Det har dei gjort lenge.

I 2021 bestemte Stortinget at oppdrett av pelsdyr blir forbode frå 2025. 38-åringen i Nordfjord er klar til å fjerne spora av pelsdyrhaldet og heller bygge ny sauefjøs. Men då treng han pengar.

– Eg har ikkje fått ei einaste krone. Det går veldig treigt, og det er frustrerande. Vi blir lova pengar på bok, men så blir det skubba til neste månad, og så neste månad igjen, seier Hans Arne Lundestad.

Ynskjer å utvikle gardane

Han er ein av 268 bønder som har sendt inn krav om erstatning for investeringar og utbetringar dei gjorde for å tilpasse seg nye krav i næringa. Som kompensasjon for å slutte var dei lova eit raskt erstatningsoppgjer.

Då den siste pelsdyrbonden i landet la ned i januar i år, hadde berre fem pelsdyroppdrettarar fått erstatning.

I Gloppen har fleire venta i fire år utan å vite kva dei har å rutte med. Ein av dei er Dan Ole Alme. Han skildra først situasjonen sin til avisa Firda Tidend.

–Det er forferdeleg. Vi lever i uvissa, og lurer på om du ender opp som gjeldsslave, eller om du kan kome deg vidare og fungere i samfunnet, seier Dan Ole Alme.

Dan Ole Alme

Dan Ole Alme har fått eit forskot på erstatninga, men det var ikkje nær det han hadde førespegla seg. Sluttoppgjeret veit han lite om.

Foto: Bård Siem / NRK

Ein milliard kroner er til no betalt ut frå Landbruksdirektoratet, men mesteparten er forskot på endeleg oppgjer. Så kor mykje pengar kvar enkelt får veit dei ikkje.

Alle vil ha fortgang

Næringa har vore omstridd lenge, og kritisert for dårleg dyrevelferd. Det har også vore problem med gjennomføring av verditaksering på gardane.

Venstre var pådrivar for vedtaket som Stortinget til slutt landa på i 2019. Eit riktig vedtak, seier stortingsrepresentant Ola Elvestuen i dag, men legg til at utbetalingane går for seint.

– Det kom på plass ei erstatningsordning ganske raskt, men så har den blitt forbetra fleire gonger. Det har Venstre vore for. No kan vi berre legge press på regjeringa slik at dei får utbetalingane på plass.

Kristeleg Folkeparti var mot å legge ned næringa. For Olaug Bollestad, som då var landbruksminister, var det ei krevjande sak. Framleis tek pelsdyrbønder kontakt med ho.

– Det er trist og vondt at mange har uavklarte liv. No forventar eg at dei som kritiserte oss, leverer så folk får det dei skal.

Ekspertutvalg om farlig avfall presenterer sin rapport

Ola Elvestuen og Venstre var blant dei ivrigaste til å få avvikla pelsdyrnæringa då dei sat i regjering. No håpar han bøndene snart får utbetalt erstatningane.

Foto: Ole Berg-Rusten

Ber eiga regjering rydde opp

No får regjeringa også ris frå eigne rekkjer. Senterpartiordførar i Gloppen, der både Lundestad og Alme bur, er ikkje nådig i kritikken.

– Eg syns det er byrja å bli skammeleg at dagens regjering ikkje har klart å løyse dette. Det er ein utruleg krevjande situasjon for bøndene. Dei ventar og ventar og ventar. Det er berre ein beskjed til regjeringa. Fiks det, seier Gloppestad.

Landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp) er klar på dei prioriterer å få erstatningssakene i mål. Landbruksdirektoratet arbeider med alle, og alle takstane skal vere leverte i løpet av hausten.

– Dette har vore ein årelang prosess, og starta med at førre regjering gjekk inn for eit næringsforbod. Dette gjorde dei over natta, og utan tilstrekkeleg vilje og evne til å gjere opp for seg i etterkant, seier Sandra Borch.

På fjellgarden i Gloppen ventar Hans Arne Lundestad framleis. Han håpar på 2 millionar, men veit ikkje.

– Eg vil rive alt og bygge ny sauefjøs. Sist sa dei at pengane skulle kome i august, men det er ikkje råd å vite. Det har vore skubba på sidan april.