Hopp til innhold

– Kjem til å spele ei viktigare rolle

– Det kjem til å bli endringar i fiskeripolitikken i løpet av mi tid, seier fiskeriminister Per Sandberg.

Ombord i trålaren Volstad

Fiskeriministeren besøkte trålaren Volstad og skipper Birger Tomren og reiar Eivind Volstad.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Han peiker på at regjeringa ønskjer vekst i næringa, og innan tradisjonelt fiske opnar han for auka kvotar. Ikkje minst trur Sandberg at teknologien gjer at kvaliteten på fisken som blir henta opp blir betre.

Statsråden registrerer at næringa sjølv er optimistisk når det gjeld tradisjonelt fiskeri, og trur meir og annleis foredling kjem til å bli viktig, i tillegg til at det kjem nye produkt. Han meiner næringa får ein viktigare og viktigare posisjon i ei tid då olje- og offshore slit.

Skal hjelpe næringa

– Då blir politikarane si oppgåve å hjelpe næringa til å ta ut den veksten og verdiskapinga som vi ønskjer. Det kan vere små endringar i rammevilkåra eller ei forskrift som må bli justert, seier Sandberg.

Han signaliserer at kvotane skal vere føreseielege, slik at næringa sjølv skal kunne investere og utvikle seg.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL