Hopp til innhold

Under 100 driv med det same som Ingrid (20): – Venene mine er opprørte over yrkesvalet mitt

Ingrid Malene Nygård fekk bli med foreldra sine på kvalfangst første gong sommaren for to år sida. Då blei planen om å bli interiørkonsulent lagt på hylla.

Ingrid Malene Nygård har på seg svart og blå kjeledress og står i baugen på hvalfangsskipet "Marie" sammen med skytteren i mannskapet. Bak dem er hvalarpunen, hav og fjell.

Ingrid Malene Nygård står saman med kvalskyttaren på båten, Ruben. Ho har ikkje ville drive med noko anna, etter at ho prøvde kvalfangst første gong for tre år sida.

Foto: Privat

Det er berre tre land i verda som driv med kvalfangst: Noreg, Island og Japan.

Kvifor er det ikkje fleire?

Det heng mellom anna saman med at fleire kvalbestandar haldt på å døy ut på 1980-talet. Då blei all kommersiell fangst stansa.

Kvalfangst er framleis kontroversielt i mange land.

Difor skyt heller ikkje kvalfangarane all kvalen dei kan skyte. Berre om lag halvparten av kvoten blir skote kvart år.

Men den 20 år gamle kvalfangaren Ingrid Malene Nygård meiner folk bør ete meir kval.

– Hadde folk visst kor sunt og berekraftig det er, trur eg fleire kunne vore interessert, seier ho.

Les også Norge får kritikk for hvalfangsten - mens antallet vågehval i norsk farvann bare øker

Vågehval

Vil ikkje jobbe på kontor

Ingrid Malene Nygård (20) frå Midsund i Molde hadde ikkje eigentleg planlagt å bli kvalfangar.

Då ho begynte på vidaregåande tenkte ho på å bli interiørkonsulent. Difor begynte ho på interiørlinja.

Ingrid Malene Nygård og Helle Øien Sørbø holder oppe en del av en død hval mens høyrepolitiker Bård Ludvig Thorheim skjærer ut et stykke på hvalfagstbåten Maria.

Ingrid Malene Nygård er kvalfangar på båten Marie i om lag tre veker av gangen. – Det kjem an på vêr og kval. Nokon dagar får vi ikkje noko, andre gonger kan vi få fleire kval på ein dag.

Foto: privat

Men sommaren for to år sida skulle mora og faren hennar på kvalfangst. Dei spurte om ho ville bli med. Kvifor ikkje, tenkje ho.

Lite visste ho at det skulle vere eit val som endra livet hennar.

– Eg blei på ein måte bite av basillen.

Ingrid Malene Nygård og Helle Øien Sørbø skjærer opp en hval på hvalfagstbåten Marie.

Ingrid Malene Nygård er ikkje den einaste Nygården om bord. Ho har faktisk to søsken til på båten. Det vil seie av nær halvparten av søskenflokken er kvalfangarar.

Foto: Bård Ludvig Thorheim / privat

Planen om å bli interiørkonsulent blei bytta ut med ei karriere i kvalfangaryrket.

– Eg har funne ut at eg i alle fall ikkje kunne tenke meg å jobbe på kontor.

Nygård fekk lære korleis kvalfangst fungerte. Etter kvart fekk ho òg introduksjon i livet som fiskar. No er ho fiskar på hausen og vinteren, og kvalfangar på sommaren.

Les også Billigdisken, søppeldynga og Japan – her ender det norske hvalkjøttet

Hvalkjøtt

Møter mykje motstand

Og Nygård er heller ikkje den einaste jenta på båten.

Helle Øien Sørbø (21) frå Kjøllefjord i Finnmark har alltid elska jakt og fiske. Så då ho fann ut at ho kunne gjere begge deler i same jobb, hadde ho funne draumejobben.

– Då eg fann ut at ein kan vere fiskar og jakte på havet høyrdest det heilt utruleg ut. Det er stilig og tøft.

Helle Øien Sørbø skjærer ut et stykke på hvalfagstbåten Maria.

Helle Øien Sørbø hugsar første gong ho var med og skar opp ein kval. Ho blei overraska over kor diger han var. Indrefileten var større enn ein heil ku. – Det er ganske tøft at ein klarer å få kontroll på ein så stort dyr. Med det krev utstyr som vinsj og kran.

Foto: Bård Ludvig Thorheim / privat

No har Sørbø allereie vore kvalfangar i to år. Nygård har sitt første år som kvalfangar i år.

I tida som kvalfangarar har dei begge opplevd at vener og kjente blir opprørt over yrkesvalet deira.

– Dei trur ikkje det er normalt eller synest synd på dyret, seier Sørbø.

Synest du det er rett å skyte kval?

Nygård har to venninner som er imot kvalfangst. I året ho har jobba som kvalfangar har ho prøvd å gi dei eit klårare bilde av kva det handlar om.

– Venene mine er opprørte over yrkesvalet mitt. Det er mange som sit med feilinformasjon og trur fangstinga er slik det var før i tida, seier ho.

– Mange trur dyret lir og at fangsten er brutal. Dei trur kvalen heng på båten i live lenge.

Ingrid Malene Nygård og Helle Øien Sørbø skjærer ut et stykke på hvalfagstbåten Maria sammen med en kollega.

– Då eg gjekk på vidaregåande begynte eg på studiespesialisering. Då fann eg ut at skulebenken ikkje var for meg, seier Helle Øien Sørbø som har på seg grøn hettegenser på bildet.

Foto: Bård Ludvig Thorheim / privat

Nygård fortel at det var slik før i tida, men at dei i dag har granat på harpunen. Då veit dei at kvalen døyr momentant.

– Når ein ikkje sit med heile bildet er det dumt at ein er imot.

Les også – Barbarisk, gammeldags og unødvendig, sier britisk milliardær om norsk hvalfangst

Vågehvalen inn over rekka

Vil ha meir kvalfangst

Sjølv om kvalfangarane har tru på framtida i kvalfangst, spår andre at yrket lever på overtid.

På verdsbasis er nemleg ikkje kvalkjøt særleg populært. Etter fleire tiår med totalforbod mot kvalfangst i mesteparten av verda kan Noreg berre eksportere kval til Island og Japan.

I 2020 blei berre 164 av 533 tonn kvalkjøt selt til butikkane. Resten enda opp mellom anna på søppeldungen og i Japan.

Helle Øien Sørbø speider etter hval sammen med en kollega på hvalfagstbåten Maria.

Helle Øien Sørbø speidar etter kval saman med ein kollega på kvalfangstbåten Marie.

Foto: Bård Ludvig Thorheim / privat

Og det blir verken skote eller ete mykje kval. I fjor var kvoten på 1000 kval, men berre 507 dyr blei tatt.

Difor kom det i fjor eit forslag om å innlemme norsk kvalkjøt i Sjømatrådet, slik at kval kunne bli marknadsført meir.

Forslaget blei nedstemt i Stortinget. Berre Høgre, Frp og Raudt var for.

Den dåverande fiskeriministeren frykta det ville øydelegge for sal av anna sjømat.

Helle Øien Sørbø løfter opp et stykke av en hval med en vinsj på hvalfagstbåten Maria.

– Det er store dyr, så det kan vere mykje krefter i sving, seier Helle Øien Sørbø.

Foto: Bård Ludvig Thorheim / privat

– Det store potensialet er i Noreg

Men stortingspolitikar for Høgre, Bård Ludvig Thorheim jobbar framleis for at kvalkjøt skal få plass i Sjømatrådet.

– Eg ønsker å fangste meir kval, seier han.

Ingrid Malene Nygård og Helle Øien Sørbø holder oppe en del av en død hval mens høyrepolitiker Bård Ludvig Thorheim skjærer ut et stykke på hvalfagstbåten Maria.

Høgrepolitikar Bård Ludvig Thorheim blei med Nygård og Sørbø på kvaltur i starten av mai.

Foto: Privat

– Men kvifor det, når det ikkje er nokon som vil kjøpe kjøtet?

– Det store potensialet er i Noreg. Vi kan eksportere meir til Japan, men eg trur først og fremst det er i Noreg vi kan få til meir, seier politikaren.

Thorheim trur haldninga har enda seg i fleire land sidan 80-talet, og meiner det kan bli relevant å eksportere meir i framtida. Men førebels er det Noreg han vil satse på.

– Eg synest det er bra å hauste av naturen så lenge ein ikkje tek for mykje. Kval er det mykje av, seier Sørbø.

– I staden for å drepe tusen kyllingar, kan ein skyte ein kval.

Les også Hvalkamp: Høyre-topp vil skyte mer og markedsføre hval i utlandet

Thorheim skjærer hvalkjøtt, med én fra mannskapet på hver side.

Havforskingsinstituttet: – God dyrevelferd

Tore Haug, forskar på sjøpattedyr i Havforskingsinstituttet (HI) stadfestar at avlivingsmetodane er veldig effektive no.

– Dyrevelferda er god, seier han.

Helle Øien Sørbø speider etter hval på hvalfagstbåten Maria.

Det er berre vågekval som blir skote i Noreg. – Det kan gå timar der ein jagar etter kvalen og ventar på det rette tidspunktet. Det er ein tolmodsprøve. Du kan ha kvalen ved sida av lenge utan å kunne skyte, seier Helle Øien Sørbø.

Foto: Bård Ludvig Thorheim / privat

Haug seier kvalfangst er ein velregulert og berekraftig næring. Kvalkjøtet er òg sunt, og inneheld same næringsstoffar som fisk.

Han trur også trur kvalfangsten kan bli viktigare framover.

Sørbø og Nygård jobbar begge som vanlege fiskarar resten av året. Det gjer alle dei mellom 50 og 100 kvalfangarane i Noreg.

– Både sild- og torskebestanden har stupt dei seinare åra. Då vil eg tru at kvalfangsten blir viktigare for fiskarane.

Les også Frykter ny torskekrise – samtidig klør forskerne seg i hodet

Tom Vegar Kiil i Finnmark.