Hopp til innhold

– Ikkje ein dag for tidleg

Eit nytt krisesenter for ti kommunar på Nordmøre og i Romsdal kan stå ferdig om eitt år.

Nytt krisesenter Illustrasjon Arkitetktkontoret BBW

PLAN: Slik vil det nye krisesenteret i Molde sjå ut.

Foto: Illustrasjon Arkitetktkontoret BBW

Ingrid Horsgård og Ingunn Hoseth Orvik ved krisesenteret i Molde

Ingrid Horsgård og Ingunn Hoseth Orvik ved krisesenteret i Molde.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Det nye krisesenteret skal vere lokalisert i Molde, og kan stå klart til innflytting i desember neste år. Representantskapet i det interkommunale selskapet har saman med plan- og utviklingsutvalet i Molde gått inn for prosjektet.

Det einaste som manglar er at kommunestyret seier ja til eit nytt krisesenterbygg på fengselsmarka i Molde sentrum til 55 millionar kroner.

Dagleg leiar av krisesenteret, Ingrid Horsgård er nøgd med at prosjektet no er i gong.

– Etter mange års kamp er det utruleg gledeleg å høyre at dei no gjennomfører det som har vore planlagt i så mange år, seier Horsgård.

– Det er ikkje ein dag for tidleg, held ho fram.

Stort behov

Krisesenteret har dei to siste åra heldt til i mellombelse lokale på Råkhaugen omsorgssenter i Molde. Det er eit stort behov for eit nytt senter, og i løpet av det siste året har krisesenteret hatt rundt 3000 overnattingsdøgn.

 Råkhaugen omsorgssenter

Krisesenteret har dei to siste åra heldt til i mellombelse lokale på Råkhaugen omsorgssenter i Molde.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Det nye krisesenteret skal vere eit tilbod for ti kommunar på Nordmøre og i Romsdal, og alle dei ti kommunane skal vere med å betale. Tysdag møttest representantskapet i krisesenteret dei ti medlemskommunane. Der vedtok dei samrøystes å støtte seg til dei økonomiske planane og den foreløpige leigeavtala til Molde kommune.

– Det er ikkje å stikke under ein stol at eigarkommunane betalar ein låg husleie i dag, så auken bli stor i forhold til dagens leige, seier Horsgård.

Horsgård trur likevel at den høgare prisen er verdt det.

– No får vi eit heilt nytt bygg som varetek alle funksjonar vi treng. I tillegg oppfyller det krava som lova stiller, så eg trur kommunane vil sjå at dei får utbytte av det dei betalar for, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL