– I dag er vi heldige

Molde-manager Ole Gunnar Solskjær var svært fornøgd med tre poeng etter kveldens kamp mot Lillestrøm. – I dag er vi heldige. På bakgrunn av spelet fortener vi kanskje ikkje tre poeng. Solskjær rosar likevel keeper Andreas Linde og målscorar Erling Braut Haaland for god innsats. – Haaland har ein eineståande mentalitet, nesten litt unorsk. Det var på tide at han fekk vist seg fram.

Ole Gunnar Solskjær
Foto: Arne Flatin / NRK