Rutgerson meiner det er fleire enn dei to stiftingane som ikkje har ønskt at landbruksmuseet skulle opne i år. Han vil ikkje gå ut med namn, men seier at nokon stiller seg imot å få ei løysing.
Fryktar steilare frontar

Asbjørn Rutgerson (Foto: NRK)
Striden som handlar om kva forhold landbruksmuseet skal ha til Romsdalsmuseet, har ført til at museet har vore stengt heile sommaren. Asbjørn Rutgerson meiner saka er svært alvorleg og pinleg. Han fryktar at frontane no blir enda steilare fordi dei kan bruke enda ein vinter på å trenere ei tilfredsstillande løysing.
– Vanskeleg
Fylkesdirektør Ottar Brage Guttelvik avviser skuldingane på det mest bestemte. Dei to stiftingane er sjølvstendige, og det har vore svært vanskeleg å få dei inn i ein dialog om ei løysing.
– Fylkestinget har kome med eit ønskje, og det er opp til stiftingane å behandle det, seier Guttelvik.
Opp i kontrollutvalet
Leiar i kontrollutvalet, Frank Sve, seier den sterke kritikken mot fylkesadministrasjonen blir ei sak for dei. Han tar kontakt med kontrolldirektøren i dag, og reknar med at saka kjem opp på neste møte som er i oktober.