– Hevdar kommunar kan for lite

Bygginga av det nye helsehuset i Rauma kan ende med at kommunen må betale over 25 millionar kroner i erstatning. Veidekke Entreprenør AS, som ikkje nådde opp i anbodskonkurransen, meiner regelverket om offentlege innkjøp tilseier at kommunen burde avvist tilbodet frå konkurrenten. – Mange kommunar har for dårleg kunnskap om regelverket, seier ekspert på offentlege innkjøp, Marianne Dragsten.

Ordførar i Rauma kommune, Lars Olav Hustad, avviser at mangel på kunnskap er årsaka til at Rauma ikkje valde Veidekke Entreprenør AS til å bygge det nye helsehuset. Ankesaka går i Frostating lagmannsrett denne veka.

Rauma helsehus
Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto