Hopp til innhold
Rauma helsehus
Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto

Rauma helsehus

  • Fjernar 21 plassar på helsehus

    Rauma kommune har teke bort sju plassar frå Rauma helsehus i år, og kjem til å fjerne 14 til i 2020. Det skriv rbnett.no. Årsaken er at kommunen vil bruke fleire ressursar på heimebaserte tenester.

  • Høgsterett avviser Veidekke-anke

    Rauma kommune slepp å betale 25 millionar kroner i erstatning til Veidekke etter at Høgsterett har avvist anken frå selskapet i saka om Helsehuset på Åndalsnes. Veidekke Entreprenør kravde erstatning fordi dei meinte kommunen hadde gitt kontrakten til firmaet Hent AS på feil grunnlag. No har Høgsterett avvist anken. – No kan vi endeleg sette eit punktum etter fleire år med usikkerheit rundt den økonomiske situasjonen til kommunen, seier ordførar Lars Olav Hustad (H).

    Lars Olav Hustad
    Foto: Silje Bjerknes / NRK
  • Veidekke ankar dom

    Veidekke ankar saka mot Rauma kommune etter striden om bygginga av den nye helsehuset på Åndalsnes. Dermed endar saka truleg i Høgsterett. Kommunen blei først dømt i tingretten, men deretter frifunnen i lagmannsretten for kravet på 25 millionar i erstatning til Veidekke Entreprenør etter å ha gitt kontrakten til firmaet Hent AS. I tingrettsdommen står det at Hent sitt tilbod hadde eit avvik frå konkurransegrunnlaget og skulle vore avvist av kommunen i anbodskonkurransen.

  • Hustad: – Vi er letta

    For kort tid siden ble det kjent at Rauma kommune vant ankesaken mot Veidekke Entreprenør AS i lagmannsretten. Det gleder Rauma-ordfører Lars Olav Hustad. - Sånn umiddelbart så er vi selvsagt glade for at lagmannsretten har gitt oss medhold i det vi har vært klare på hele veien – at vi har holdt oss godt innenfor regelverket i anskaffelsesprosessen. Vi er letta over å ha fått medhold, men vi skulle gjerne vært denne saken foruten. Den har krevd mye tid, gitt mange bekymringer og skapt usikkerhet blant ansatte og innbyggere. Det er klart at dette utfallet gjør at forutsetningene for å kunne levere stabile og gode tjenester til innbyggerne våre er bedre enn om vi hadde tapt saken, sier Hustad.

    Lars Olav Hustad
    Foto: Øyvind Sandnes / NRK
  • Fekk medhald i lagmannsretten

    Rauma kommune blei i fjor vår dømd til å betale over 25 millionar kroner i erstatning til Veidekke Entreprenør AS, som ikkje nådde opp i anbodskonkurransen om det nye helsehuset i Rauma. Retten meinte tilbodet til HENT, som har bygd helsehuset, hadde eit avvik frå konkurransegrunnlaget og skulle vore avvist av kommunen. Rauma kommune anka dommen frå tingretten. I dag vart det klart at Rauma kommune har fått medhald i lagmannsretten. – Vi har nettopp motteke dommen frå lagmannsretten og vil bruke litt tid på å gå gjennom den før vi går i detalj, men i korte trekk går dommen ut på at Rauma kommune fekk medhald i sine argument, skriv Rauma kommune i ei pressemelding.