Hopp til innhold

– Har danna seg eit bilde

Etterforskinga av eit drap og ei valdshending i Molde førre veke er godt i gong. Det seier politiinspektør Yngve Skovly. Politiet held framleis på med analysar av digitale spor og bildemateriale, i tillegg til avhøyr av ein rekke vitne. – Vi meiner å ha god kontroll på hendingsgangen og byrjar å danne oss eit godt bilde av det som har skjedd, men vi kan ikkje seie noko meir om dette før vi har fått avhøyrt alle dei involverte, seier Skovly.

Tidlegare i dag opplyste politiinspektøren at tenåringen som ligg innlagd på St. Olavs er våken og vil bli avhøyrt så snart det let seg gjere.

Politiet gjekk tidlegare ut å bad om videomateriale frå Molde. Skovly seier at dei har starta å sjå på det dei har fått inn, men at dei framleis ber folk om å ta kontakt om dei har slike opptak.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL