Tenåring er våken

Tenåringen, som førre veke blei alvorleg skadd i ei valdshending i Molde, er no vaken. Det seier politiinspektør Yngve Skovly. Guten ligg innlagt på St. Olavs hospital i Trondheim. – Han er vaken, men ikkje mogleg å avhøyre per no. Han vil bli avhøyrt så fort det let seg gjere, men vi må ta omsyn til helsetilstanden hans, seier Skovly.