Hopp til innhold

– Giske kommune har veksesmerter

Giske kommune veks så det nesten gjer vondt. Innbyggjartalet aukar så fort at kommunen ikkje heilt klarer å henge med.

Video GISKE HAR VEKSESMERTER

Giske kommune veks så fort at kommunen har veksesmerter, seier ordførar Knut Støbakk.

Det var ein revolusjon for Giske då det brått blei gratis å kome dit. I alle år var det båt- og ferjebilletten som sette grenser for veksten. Deretter kom tiår med bompengar. Med brask og bram blei bomstasjonen fjerna. Det førte til ein eksplosiv vekst i kommunen.

– 90 nye barn på eitt år

Berre det siste året har kommunen fått 90 fleire barn som skal ha eit helsetilbod.

Det kan gå mange månader frå dei nye kjem til eg rekk å snakke med dei. Dei barna eg snakka med i dag flytta hit i august, fortel helsesyster Eva Britt Skylstad.

– Trongt på skulen

Talet på elevar ved skulane i Giske aukar så raskt at fleire skular er sprengde. Mest prekær er situasjonen ved Valderøy barneskule.

Vi merkar det når vi har mogonsamling. Då tek det tid å kome seg dit vi skal, forklarar Malin Sofie Klokk. Ho går i sjetteklasse ved Valderøy barneskule.

Årsaka til dette er at det store elevtalet fører til at det er svært trongt på skulane. Det er trongt i klasseroma, og dei må ta i bruk korridorane til undervisning. Garderobane er fulle med klede. Både vaksne og born sit tett på skulen.

– Kommunen heng etter

Det har vore ei enorm bustadbygging i Giske dei siste åra. Folketalet har auka frå vel 6000 til 7300 på ti år.

– No har vi ikkje ei einaste kommunal tomt igjen. I år veks vi med tre prosent. Dette gjev oss veksesmerter. Det er det ikkje tvil om. Prisen på eigedomar og tomter stig raskt. Kommunen blir hengande etter og klarer ikkje å følgje med i utfordringa, seier ordførar i Giske, Knut Støbakk (KrF).

– Ny skule og nye bustadfelt

På Valderøya skal det byggjast ny skule til 250 millionar kroner. Kommunen ligg nær Ålesund, og det er lett å få seg arbeid i området. Dette inneber at mange fleire truleg kjem til å busetje seg i kommunen. Kommunen tek no opp store lån for å finansiere den nye skulen.

– Vi vil også setje i verk ein prosess for å få til fleire private bustadfelt, seier Knut Støbakk til NRK.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL