Hopp til innhold

Sterk folkevekst gir nye utfordringar

Sterk folkevekst gir nye utfordringar i kommunane Ulstein, Sande og Herøy. Arbeidsinnvandring er hovudårsaka til den sterke veksten.

Kristina Skogstad

Kristina Skogstad flytta frå Litauen til Sande kommune for fem år sidan. No er ho fast tilsett og har ansvar for helse, miljø og sikkerheit på Kleven verft.

Foto: Markus Plementas / NRK

Sterkast vekst i landet

Ulstein kommune hadde sterkast prosentvis folkevekst i landet frå årsskiftet 2009/2010 til årsskiftet 2010/2011.

Like bak kjem nabokommunane Sande og Herøy. Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Arbeidsinnvandring til verftsnæringa og andre maritime næringar er hovudårsaka til den sterke veksten.

Nye utfordringar

Rådmann i Ulstein, Einar Vik Arset.

Rådmann i Ulstein, Einar Vik Arset har andre utfordringar enn dei fleste andre rådmenn i små distriktskommunar.

Foto: Markus Plementas / NRK

Sterk folkevekst i små distriktskommunar er ikkje kvardagskost. Utviklinga blir sjølvsagt tatt imot med glede av kommunane, men nokre luksusproblem oppstår når folketalet aukar raskt, fortel rådmannen i Ulstein, Einar Vik Arset.

– Vi merkar sterkt press på bustadmarknaden. Det er også press på grunnskulen og til dels barnehagane, seier han.

– På helsestasjonen får vi fleire og nye utfordringar. Mellom anna treng vi tolkar og problemstillingane til dei som kjem er andre enn dei vi er vande med å handtere, seier rådmannen.

- Kunne vore fleire

Kristina Skogstad

Kristina Skogstad trur enda fleire kunne busett seg på Søre Sunnmøre om forholda var lagt betre til rette.

Foto: Markus Plementas / NRK

Kristina Skogstad er opprinneleg frå Litauen, men flytta til Sande kommune saman med sin norske mann for fem år sidan.

No er ho fast tilsett på Kleven verft i nabokommunen Ulstein, og har ansvaret for helse-, miljø- og sikkerheitsarbeidet der.

Sjølv har ho ingen planar om å flytte frå Sande, men ho seier mange av dei som flyttar til kommunane på Søre Sunnmøre, gir opp å etablere seg der.

– Det er for vanskeleg å skaffe hus. Leigeprisane er skyhøge og barnehagane fulle, seier Kristina Skogstad til NRK.

Språkproblem

Ulstein verft

Verftsnæringa er hovudårsaka til sterk folkevekst på søre Sunnmøre.

Foto: Herskedal, Kjell / SCANPIX

Skogstad fortel også at mange som har problem med språket. Mange, spesielt kvinner, er høgt utdanna, men klarer ikkje få seg eigna arbeid fordi dei ikkje snakkar norsk.

– Dei har master- eller doktorgrader, men endar opp med å vaske golv. Dei har ikkje råd til norsk-kurs, og reiser difor tilbake til heimlandet til slutt.

Skogstad trur difor folkeveksten i kommunane kunne vore enda større dersom det vart tilrettelagt med billegare og betre norsk-kurs.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL