Hopp til innhold

Håper på fastlandseffekt

Fleire og fleire øysamfunn vil ha veg som knyt dei til fastlandet. På Søre Sunnmøre ventar 600 innbyggjarar på å få sambandet dei håper skal stoppe fråflyttinga.

Video Sande fastlandssamband

- Vi vil først og fremst knyte saman øyane, men også at vi skal ha samband med Åram inne på fastlandet, fortel dagleg leiar i Sande fastlandssamband, Jostein Korsnes.

No går det ni ferjeavgangar per dag mellom Åram i Vanylven, kommunesentrum Larsnes i Sande kommune, og øyane i havgapet. Det fører til utfordringar for folket som skal til og frå.

Sande Fastlandssamband skal erstatte ferjene på det som før heitte ein fylkesveg. Difor kjem dette utanfor Nasjonal Transportplan. Likevel trur Korsnes at dette sambandet kan finansiere seg sjølv.

- Det går såpass mykje pengar med på å drifte dette samfunnet, at berre innsparingane er tilstrekkjeleg for å betale ned sambandet.

Gode erfaringar på Godøya

På Godøya utanfor Ålesund fekk dei tunnelen sin i 1989. Då øyane i Giske kommune vart knytte til byen med tre tunnelar vart også Godøy inkludert.

- Først og fremst har øysamfunnet vorte vesentleg meir integrert i samfunnet rundt oss. Tidlegare var øyane her nokså isolerte lokalsamfunn. No har dei hatt ei tid på seg og grodd meir saman, seier Hans Petter Godø på Godøya.

Folketalet på øya har auka sakte, men sikkert sidan tunnelen kom. Med 20 minutt køyring til Ålesund har sambandet gjort ein stor skilnad, trur Godø.

- Sjølv om vi ligg veldig godt plasserte i forhold til Ålesund, trur eg det ville ha vore stagnasjon og sannsynlegvis også tilbakegang i folketalet dersom sambandet ikkje hadde kome.

- Heilt avgjerande

Selskapet Brimer på Kvamsøya leverer store tankar til vassanlegg i heile landet. Med ventetid på opp til to timar for å ta ferje avgrensar det moglegheitene.

- Det er heilt avgjerande viktig at vi skal få til Sande fastlandssamband. Skal vi klare å få ein vekst og klare å utvikle oss vidare her ute, så må vi få til dette, meiner Osvald Ristesund, som er leiar for Kvamsøy bygde- og næringslag.

- Folk er veldig opptekne av det, det er heilt klart. Det gjeld både på Sandsøya og på Kvamsøya. Det er ikkje noko å legge skjul på at dette er det store samteleemnet.

Og i tillegg er optimismen stor. For ein tidshorisont på åtte til ti år er ikkje urealistisk, skal ein tru forkjempar for prosjektet, Jostein Korsnes.

- Eg trur faktisk det er godt mogleg at det kan stå ferdig før det, eg. Det det eigentleg står om no er planleggingsarbeid.

- Fint med engasjement

Video - Fint at øybuarar engaserer seg i fastlandssamband

Randi Walderhaug Frisvoll er nestleiar i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal. Ho meiner det er viktig at øybuarane engasjerer seg i slike spørsmål.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL