Hopp til innhold

Køyrer med vindauget ope for å lytte etter ras langs Geirangerfjorden

GEIRANGER (NRK): Ras og rasfare har stengt vegen til Geiranger fire gongar siste månaden. Det yrar av folkeliv om sommaren, men dei få fastbuande meiner det no hastar med å få på plass trygg vinterveg for at verdsarvbygda ikkje skal døy ut.

Monja Mjelva

TYDELEGE SPOR: Hotelldirektør ved Union Hotel Geiranger, Monja Mjelva, lyttar etter skred medan ho køyrer. Spora i terrenget viser tydeleg kva krefter som er i sving når skredet går.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Alle dei 200 fastbuande kjenner vegen godt. Difor kikar dei ofte opp mot den stupbratte fjellsida medan dei køyrer. Hotelldirektøren ved det største hotellet i bygda, Monja Mjelva, sikrar seg ekstra.

– Eg har bilvindauget ope, slik at eg høyrer lyden dersom det rasar over meg, og så køyrer eg raskast råd gjennom, seier ho.

Ho overdramatiserer ikkje. Denne vinteren har det vore svært nær å gå liv i ras to gongar. Den eine gongen dreiv ein far og son med byggearbeid ved vegen då snømassane velta mot dei. Den andre gongen vart ein buss filma i sitt kappløp mot raset som buldra nedover mot verdsarvfjorden. Sidan midten av januar har bygda vore utan vegforbindelse i tolv dagar på grunn av ras eller rasfare.

Steinar Maråk og bussen han køyrde var berre sekund frå å bli tatt av eit snøskred i Geiranger i dag.

Steinar Maråk og bussen han køyrde var berre sekund frå å bli tatt av eit snøskred i Geiranger.

Ber om hjelp

Hotelldirektør Monja Mjelva seier dei må ha ein tryggare vinterveg. Det trur ho er avgjerande dersom bygda ikkje skal bli avfolka, og verdsarvstatusen forsvinne.

– Folk trur det er ein internasjonal metropol her, men vi er eit bitte lite samfunn som nesten ikkje går rundt. Vi er i kneståande, seier ho.

Laster innhold, vennligst vent..

Ordførar og fylkesordførar reiste tidlegare denne månaden til Oslo for å be samferdselsministeren om pengar til rassikring. Heilårsferge på den berømte Geirangerfjorden er også nemnt som eit alternativ. No blir ferjer berre sett inn dersom rasfaren blir stor nok.

Førebels har ikkje krava ført fram. Statsråden ber fylkeskommunen prioritere dette sjølv, sidan vegen er deira ansvar.

Men Møre og Romsdal fylke har mange vegar som er rasutsette. Geiranger må vente på tur.

Mange liv har gått tapt

Skred har tatt 47 menneskeliv langs Gerangerfjorden dei siste 350 åra. Skredhistorikar Astor Furseth, seier klimautviklinga tyder på at dette ikkje vil bli betre framover.

– Det ser absolutt ut til at det vil gå fleire både jord-, sørpe- og snøskred over veg i åra framover, seier han.

Hotelldirektør Monja Mjelva og resten av bygdefolket i Geiranger meiner det hastar med å få på plass tiltak. Fleire må flytte dit dersom dei skal klare å ta imot tusenvis av turistar dagleg, også i framtida.

– Det er ein ubalanse, vi må vere dobbelt så mange som bur her heile året om vi skal få det til å gå rundt. Og då må det vere trygt å bu her.

Storfossen i Geiranger

TOMT: Ein av dei mest besøkte attraksjonane i Geiranger er folketom ein grå februarkveld.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK