Hopp til innhold

Liv, helse og verdsarvstatus i fare, men Geiranger får ikkje strakshjelpa dei ønskjer

Trass i ein marerittvinter med fleire store skred vil ikkje samferdelsministeren gi innbyggjarane i turistbygda hastehjelpa dei håper på.

Rydding av ras i Geiranger

VANSKELEG VINTER: Det har vore ein hard vinter i den vesle sunnmørsbygda Geiranger. Blant anna har det gått store ras ved Grande. Dette raset i slutten av januar var fem sekund frå å ta ein buss. Og det er her mange meiner det bør byggast ein rassikringstunnel.

Foto: Statens Vegvesen

Mange uhell har råka turistbygda Geiranger denne vinteren, ikkje minst to store skred ved Grande som nesten tok liv. Og måndag ettermiddag blei vegen stengd endå ein gong, no grunna skredfare.

Ras Geiranger

GJEKK SÅ VIDT BRA: Skredet 30. januar.

Foto: Tipsar

Innbyggjarane krev strakstiltak. Fylkesordførar Jon Aasen (Ap) og Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) har bedt samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) om å opne lommeboka slik at det byggast ein rassikringstunnel ved Grande så fort som mogleg. Behovet for skredsikring kom tydeleg fram då snøraset på Grande blei filma og vist på TV.

– Det er jo tydeleg dokumentert nesten direkte på TV kor nær ein var ei enormt stor ulykke. Vi ønskjer å få ekstraordinære rasmidlar for å bøte på denne strekninga, sa Jon Aasen for to veker sidan.

Nei frå statsråden

Men Jon Georg Dale, som sjølv er sunnmøring, har ikkje tenkt å gi ekstraordinære midlar til Geiranger.

Jon Georg Dale på Halhjem-Sandvikvåg

VIL IKKJE STRAKSHJELPE: Jon Georg Dale meiner Møre og Romsdal må prioritere ut frå sin eigen rassikringspott, sidan vegen ved Grandefonna er ein fylkesveg.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Vegen dei spør om her er ein fylkesveg. Det betyr at det er fylket som må prioritere og fastsetje eventuelle tiltak, seier Dale.

Samferdselsministeren legg til at rammene for tilskot til rassikring på fylkesveg i perioden 2018–2029 i Nasjonal transportplan er sett til 12 milliardar kroner.

– Dette gir fylka handlingsrom til å gjere prioriteringar sjølve. Møre og Romsdal har fått og kjem framleis til å få vekst i løyvingane til rassikring under denne regjeringa, seier Dale.

Steinar Maråk og bussen han køyrde var berre sekund frå å bli tatt av eit snøskred i Geiranger i dag.

Steinar Maråk og bussen han køyrde var berre få sekund frå å bli teken av eit snøskred i Geiranger 30. januar. Her ser du dramatikken filma frå avstand. Det er Hans Martin Homlong og Mari Lattik som filmar og snakkar.

– Ikkje aktuelt

Men problemet er at fylket i dag allereie har ei investeringsliste for rassikringstiltak.

Arne Sandnes

ER FRAMFOR I KØEN: Norddal-ordførar Arne Sandnes meiner også det er nødvendig med rassikringstiltak ved Grande i Geiranger, men ikkje i staden for Norddalsstranda i hans eigen kommune.

Foto: Håvard Jangaard Strand / NRK

Der ligg rassikringstiltak ved Grande i Geiranger på fjerdeplass, til dømes to plassar under rassikringstiltak i Norddalsstranda i Stranda sin nabokommune.

– Det er ikkje aktuelt å endre på lista slik at rassikringstiltak ved Norddalsstranda blir nedprioritert. Her går det skred både vinter og sommar. Skulebussar og barnehageborn passerer mange gonger kvar dag. Og vi har venta i fleire tiår, seier Norddal-ordførar Arne Sandnes (Ap).

Sander Mossberg Hjelle opplevde snøskredet 17. januar på nært hald.

– Signala er lovande

Det er også andre problem knytt til ein rassikringstunnel ved Grande. Eit slikt prosjekt er nemleg verken planlagt eller regulert.

Jan Ove Tryggestad

ORDFØRAR I STRANDA: Jan Ove Tryggestad.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Men det startar vi med omgåande, varslar Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad.

I debatt med Jon Georg Dale på Dagsnytt 18 sist veke sa han at ein burde kome langt med 200 millionar kroner til ein rassikringstunnel.

Men Dale kan altså ikkje love noko som helst.

– Signala frå han er likevel lovande, meiner Tryggestad.

Som i tillegg til å vere bekymra for liv og helse også fryktar at Geiranger kan miste sin plass på UNESCO si verdsarvliste – om ikkje noko blir gjort.

PS. Sjølv om ein rassikringstunnel ved Grande let vente på seg kan det kome mindre rassikringstunnel på plass til neste vinter, som til dømes lysregulering for bilar ved det mest rasutsette området.

Folkerikt på kaia i Geiranger

TURISTMAGNET: Ifølgje Destinasjon Geirangerfjord besøker mellom 800.000 og éin million personar Geiranger i høgsesongen.

Foto: Sissel Brunstad / NRK