Hopp til innhold

– Følgjer situasjonen tett

– Det er utilfredsstillande at helseministeren ikkje vil gripe inn og hindre kuttforslag til 131 millionar kroner i Helse Møre og Romsdal. Det seier Kjersti Toppe som er helsepolitisk talsperson i Senterpartiet. Toppe er uroa for nedlegginga i helseføretaket. I dag fekk ho svar frå statsråd Monica Mæland som svarte på vegner av helseminister Bent Høie. Men Toppe var ikkje fornøgd med svaret ho fekk om at statsråden ikkje vil gripe inn og stoppe situasjonen i helseføretaket. Ho seier vidare at dei vil følgje tett med på kutta i Helse Møre og Romsdal, og vil jobbe for ein ny finansieringsmodell for helseføretaka.

toppe
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL