Hopp til innhold

– Fare for at eg blir fiskeripolitikar

Per Sandberg har vore motstandar av spesialiserte sektorpolitikarar. Men no ...

Per Sandberg

Per Sandberg skrattar godt i møtet med fiskerifolk på Sunnmøre.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Ja, no er det stor fare for at eg kan bli fiskeripolitikar.

Per Sandberg skrattar godt når han møter den sunnmørske fiskerinæringa i Ålesund. Etter tre veker i fiskeriministerstolen ser det ut til at han trivst i rolla.

Latteren sit laust

Frp-statsråden er på besøk om bord på trålaren FT «Volstad» ved kai i Ålesund. Han får omvising på ein moderne båt.

Det er tydelegvis ikkje dagen for dei store programerklæringane. Men han lyttar på det som blir sagt, og latteren sit laust både på brua og nede i fabrikken.

Per Sandberg

Per Sandberg får omvising på FT «Volstad». Han trur fiskerinæringa blir viktigare i tida som kjem.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Humor og kritikk

– Det er kanskje litt rart å seie at det er morosamt, men for meg er det det. Eg blir imponert over skipet, og ikkje minst all kunnskapen blant folka her. Eg prøver å absorbere all informasjonen, og gjere meg kjent med problemstillingane.

Per Sandberg

Fiskeristatsråden fekk mange råd og innspel, men det var ikkje dagen for dei store programerklæringane.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Motstridande tankar

– Men du får vel også kritikk og formaningar. Alt er vel ikkje såre vel?

– Politikken tilfredsstiller aldri alle. Også her er det motstridande tankar om korleis det skal vere. Oppfølging av havbruksmeldinga og sjømatmeldinga blir viktig for meg. Uansett trur eg konfliktnivået var høgare for nokre år sidan.

– Blir det store endringar no når du har blitt fiskeriminister?

– Ja, seier han kort.

– Korleis då?

– Det skal bli auka vekst og auka kvotar. Og så skal det satsast meir på teknologi og kvalitet.

Per Sandberg

Frp-statsråden set stor pris på eit fiskemåltid og fagprat om bord på FT «Volstad».

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Fiskeri blir viktigare

Per Sandberg trur fiskerinæringa blir endå viktigare no når det er store utfordringar i olje og offshore.

– Det er stor optimisme både i næringa og blant oss politikarane. Vår oppgåve er ikkje å regulere så mykje. Kanskje er det berre små endringar i rammevilkåra som må til, seier den ferske fiskeriministeren. Han ser ut til å trivast om bord på FT «Volstad», som til vanleg er ein arbeidsplass for 36 personar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL