– Er førebudd på at det blir tøft

Den påtroppande direktøren i Helse Møre og Romsdal, Øyvind Bakke, seier at føretaket har ei stor oppgåve føre seg med å få orden på økonomien. Fredag blei det kjent at føretaket gjekk med 10 millionar kroner i underskot i oktober. Bakke tek til i jobben 2. desember. Han er førebudd på at det blir ein tøff jobb. – Det er klart det blir krevjande, men det er noko vi er nøydd til å gå gjennom. For min del no er det viktig å gå ut i organisasjonen, hente inn informasjon og diskutere med dei tilsette korleis vi kan gjere innsparingar. Eg er sikker på det er mange idear og forslag ute i organisasjonen, seier Bakke.

Øyvind Bakke
Foto: Helse Møre og Romsdal

Flere nyheter fra Møre og Romsdal