Hopp til innhold

– Elbilpolitikken må leggast om

Politikken i forhold til elbilar må endrast fordi det står i vegen for finansieringa av vegbygging og ferjer. Det meiner leiaren i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal, Kristin Sørheim frå Senterpartiet. I går var lågare bompengetakst for elbilar tema under møtet om Nordøyvegen mellom fylkeskommunen og samferdselsministeren. – Elbilane betalar ikkje full takst på ferja. Elbilpolitikken må leggast om, elles klarar vi ikkje å finansiere verken vegar eller ferjedrift. Så underfinansiert som ferjedrifta vår er, så trur eg at det er eit sterkt problem for fylkeskommunen med vidare ferjedrift enn realisering av bompengeprosjekt, seier Sørheim.

Elbil på veg inn på ferje Hufthamar Krokeide
Foto: Ingfrid Berge Fossåskaret / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL