Hopp til innhold

– Eg vart så glad!

Måndag fekk alpinisten Mona Løseth gladmeldinga: Ho får også delta i vinter-OL i Sotsji.

Løseth

Mona Løseth (t.v.) smiler frå øyre til øyre etter å ha sikra seg plass til OL i februar. Frå før av er storesøster Nina (t.h.) teken ut på laget.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

– Det er heilt fantastisk. Eg vart så glad! Det er det største ein kan oppleve som idrettsutøvar, så det å få vere med – det er stort. Veldig stort.

Det seier ei svært glad Mona Løseth (22) på telefon frå Austerrike.

– Betyr mykje

Måndag tok Olympiatoppen ut 43 utøvarar som skal representere Noreg under dei olympiske vinterleikane i Sotsji i februar. Det var det siste uttaket før heile OL-troppen var på plass.

Alpinisten fortel at ho var lenge usikker på om ho ville bli teken ut.

– Det var usikkert, fordi eg hadde ikkje heilt klart kravet sjølv om var ganske nær. At dei vil ha meg med, det betyr veldig mykje, seier ho.

Hektiske dagar

– Det er ikkje lenge til OL begynner. Korleis vert oppladinga di fram mot 7. februar?

– Eg har vore fire veker på reise, så no skal eg heim ein liten tur i nokre dagar, så skal vi ned igjen for å trene her i Austerrike. Så vert det to verdscuprenn til før OL, samt litt trening.

– Ekstra hard trening då eller?

– Nei, det vert ikkje noko forandring på treningsregimet. Det har jo funka så langt, ler ho.

Søstrene Løseth

Tidlegare vart søstera Nina Løseth teke ut til OL saman med Ragnhild Mowinckel.

– Eg ringde Nina og ho vart veldig glad. Hadde eg ikkje blitt teken ut hadde ho blitt den einaste på slalåm, men no er vi iallfall to. Så det blir bra, seier alpinisten.

Ekstra kjekt er det at ho no kan reise til OL saman med alpinist-søstera si.

– Det betyr mykje. Eg var med i Whistler i 2010, og då var eg heilt åleine som einaste jente der. Så eg gler meg til å kunne vere saman med andre jenter, og spesielt søstera mi

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL