Hopp til innhold

– Det mest ubrukelege du lærer på skulen

Kva ein treng og ikkje treng å lære på skulen er ein evigvarande diskusjon. Desse meiner at tips om vaksenlivet bør vere på timeplanen.

Collage

Mange har sterke meiningar om kva ein bør lære på skulen.

Foto: Lena Stette Høyberg / NRK

Nokon meiner at matte er totalt ubrukeleg, medan andre meiner at det er viktig å ha kontroll på tal.

Sofie, Victoria, Edel og Emilie

Sofie, Victoria, Edel og Emilie går på linja Service og Samferdsel i Ålesund.

Foto: Lena Stette Høyberg / NRK
August Håvoll

August Håvoll (19) er elev ved Service og Samferdsel i Ålesund.

Foto: Lena Stette Høyberg / NRK
Petter Birkevold og Terje Knutsen

Petter og Terje meiner at bibelvers er det mest ubrukelege dei har lært på skulen.

Foto: Lena Stette Høyberg / NRK
Lokalhistoriker Einar Langva Gustafsson

Lokalhistorikaren Einar Gustafsson trur at skuleelevar hadde hatt godt av å lære korleis dei skal kommunisere med andre.

Foto: Lena Stette Høyberg / NRK
Caroline og Julie

Caroline og Julie går ikkje på skule no, men dei veit godt kva dei helst ville lært då dei gjekk der.

Foto: Lena Stette Høyberg / NRK

Enkelte er overbevist om at sidemål er unødvendig, og andre synst at kunst og handverk bør trekkjast frå pensum.

Kva er det mest ubrukelege du har lært på skulen? Og kva kunne du ha tenkt å lært i staden? Diskuter lenger ned i saka.

Likar ikkje analysering

Rundt eit bord på eit av kjøpesentera i Ålesund sit fire jenter på sytten år. Dei er alle elevar på vidaregåande skule, men har meir til felles enn som så. Victoria meiner at diktanalyse er blant av det mest ubrukelege ein lærer på skulen.

Alle rundt bodet nikkar.

– Ja, analyse generelt, seier Emilie. – Det er mange ting vi heller kunne lært i staden for. Det er mykje i vaksenlivet som vi ikkje blir førebudde på i skulen.

Jentene meiner at dei kunne erstatta diktanalyse med å lære seg å betale rekningar, søkje lån, finne bustad og andre «vaksenting».

Vi lære om alle religionar

August (19) meiner at det er ikkje alt innan religion som er like nyttig.

– Då eg hadde om religion på skulen kunne eg ønskje at det vart gjort på ein litt annan måte. Eg kunne tenkt meg at det ikkje vart lagt mest vekt på kristendom, men at ein var open for at alle religionar kan vere riktige, seier August.

Han meiner at ein skal lære å vere open og mottakeleg for ulike religionar, og at ein enkelt religion ikkje nødvendigvis er betre enn andre.

– Kva kunne du tenkt deg å lære på skulen?

– Dei fleste av oss må flytte ut frå barndomsheimen etter kvart, så det hadde vore nyttig med råd om kva ein bør gjere då, seier August.

– Klesvask som pensum

Caroline og Julie er litt ueinige om kor viktig matte er. Julie meiner at ein bør ha ein viss kontroll på tal for å klare seg på eiga hand.

– Men eg forstår ikkje kvifor vi skal lære historie. Vi treng ikkje den i framtida og det er ikkje nyttig, seier Julie.

– Men det eg gjerne kunne lært er å vaske klede, ta opp lån eller kjøpe bil for første gong. Det er ting ein treng å vite.

Lokalhistorikar Einar Langva Gustafsson meiner at det burde vore meir fokus på kommunikasjon i norske skular. Han trur at mange hadde hatt godt av å lære korleis ein skal prate med folk.

– Det å vaske klede kan ein lære av foreldre eller folk som meg som har full kontroll på alle knappane på vaskemaskina, seier lokalhistorikaren.

– Ikkje bruk for Bibel-pugging

Petter og Terje er ferdig på skulebenken for ei stund sida, og er klare i svaret på kva dei absolutt ikkje har fått bruk for i ettertid.

– Eg hugsar at vi måtte pugge bibelvers. Slik er det kanskje ikkje no lenger. Eg har i alle fall aldri fått bruk for det etter at eg var ferdig på skulen, seier Petter.

Både Terje og Petter er einige om at skuleelevar hadde hatt nytte av meir praktisk lære i skulen.

– Det hadde ikkje vore dumt å førebudd ungdommen på vaksenlivet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL