NRK Meny
Normal

– Dette har vi venta på lenge

I dag var det endeleg klart for opning. Den gamle rasfarlege vegstrekninga på E 136 mellom Rauma og Vestnes blir i dag erstatta av den nye 3,7 kilometer lange Vågstrandstunnelen.

Opning Vågstrandstunnelen

I dag opna Vågstrandstunnelen i Rauma til stor glede for dei frammøtte.

Foto: Trond Vestre / nrk

Klokka 12.00 torsdag blei tunnelen opna på Våge for at folk kunne gjere seg kjent med tryggleiksutstyret inne i tunnelen.

Erna Strømme var blant dei mange som hadde tatt turen for å utforske den nye tunnelen. Ho var glad for at dei no får ein tryggare veg.

– Endeleg skal dei opne vegen som vi har venta på i så mange år, seier ei tydeleg engasjert Strømme.

Utsett for skred og ulukker

E136 mellom Dombås og Ålesund er hovudvegen til Austlandet frå Sunnmøre og delar av Romsdal. Dagens E136 går rundt Tresfjorden i Vestnes kommune. Vegen er smal og svingete med mange avkøyrsler og dårleg sikt. Delar av strekninga mellom Ålesund og Åndalsnes har tidlegare vore svært ulykkesbelasta og utsett for skred.

Vågstranda sett fra lufta

Med Vågstrandstunnelen blir vegstrekninga Våge – Stolnses rassikker

Foto: Per Tormod Nilsen

I perioden 2000–2010 var det registrert til saman 16 ulykker på strekninga. I desse ulykkene blei fem drepne og ein hardt skadd. Dei hyppigaste ulykkene var møteulykker og utforkøyringar.

På E136 mellom Måndalen og Våge i Rauma kommune er det registrert fire skredpunkt, noko som har ført til fleire vegstengingar, særleg ved Håvardfonna. I åra 2000–2010 var det registrert til saman seks ulykker på strekninga, der to blei drepne og ein hardt skadd i utforkøyringar eller møteulykker. Tungtrafikk utgjer om lag tjue prosent av den totale trafikken på strekninga.

Hallgeir Brudeseth, prosjektleiar for fellesprosjekta i Statens vegvesen, har tidlegare poengtert at målsetjinga med Tresfjordbrua og Vågstrandstunnelen har vore å byggje ein meir trafikksikker veg.

– Antall dødsfall på denne strekningen har vore unormalt høgt. Ved å få ei bru over fjorden eliminerast mange av risikomomenta vi har måtte leve med i mange år, seier Brudeseth.

Vil gjere strekninga meir trafikksikker

Prosessen for ein ny tunnel har vore ein lang, men i dag var det endeleg klart for offisiell opning. Torsdag klokka 14 køyrde skolebussane som dei fyrste gjennom den nye Vågstrandstunnelen for å markere at dette også gir mange skoleelevar ein tryggare skoleveg.

Opning Vågstrandstunnelen

Ordførar Lars Olav Hustad (H), fylkesordførar Jon Aasen (Ap) og Roald Fiksdal i Eksportvegen AS var svært nøgde med den nye tunnelen.

Foto: Trond Vestre / nrk

– Her signaliserer vi at skolebussen kan køyre trygt og det er kanskje det viktigaste med den nye tunnelen, seier Brudeseth.

Utbygginga vil gi trafikantane ein meir skredsikker veg, betre framkome og tryggleik i trafikken. Ordføraren i Rauma, Lars Olav Hustad, meiner dette er ein stor dag.

– Denne tunnelen er kjempeviktig, Den er trass alt ein sikker veg for skuleborna i kommunen og for pendlarane, seier Hustad.

Ordføraren meiner den nye tunnelen har stor betydning for lokalbefolkninga.

– Det betyr at vi får eit meir integrert bu- og arbeidsmarknad. Men det aller viktigaste er at vi får ein sikker og trygg veg, seier Hustad.

Kart over Vågstrandstunnelen

Vågstrandstunnelen langs Romsdalsfjorden

Foto: Statens kartverk

Reiseavstanden mellom sentrale stader på Sunnmøre og mellom Vikebukt og Helland i Vestnes kommune vil også bli vesentleg kortare. Fylkesordførar Jon Aasen meiner den nye vegen er viktig.

– Verdiar kjem både inn og ut av denne tunnelen, så strekninga er ein viktig verdiskapingsveg, meiner Aasen.

Ikkje bompengar før om eitt år

500.000 kubikkmeter med stein er tatt ut av fjellet og blir brukt til fylling for Tresfjordbrua. Først når Tresfjordbrua står ferdig i løpet av hausten 2015 blir det bompengar å betale på brua og Vågstrandstunnelen.

Den gamle rasfarlige vegstrekninga på E 136 mellom Rauma og Vestnes erstattes i dag av den nye 3,7 kilometer lange Vågstrandstunnelen.