NRK Meny
Normal

– Det var magisk. Hødd var rå i går

Det er ein blå rus i Ulsteinvik i dag. Hødd er klare for cupfinalen. Og i jubelen og feiringa startar no kampen om å sikre seg billettar til Ullevaal 25. november.

Heia Hødd

Monika Dimmen, Kathrine Johansen og Ida Therese Gjerde jublar over Hødd-sigeren i går. No blir det feiring, og kanskje ein tur til Ullevaal?

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

I Ulsteinvik sentrum var det berre blide fjes å sjå dagen etter den store sigeren over Brann. Hødd er klare for cupfinalen, og folket i bygda er i ekstase. I alle år har folket vore stolte over laget sitt Hødd. No har det teke heilt av.

– Dette var magisk. Det var uverkeleg. Det er stort. Eg merkar det på alle. Det set Ulsteinvik og Hødd på kartet. Dei har gjort det før, og dei gjer det endå meir framover, seier Monika Dimmen.

– Dette var berre forspelet

Kampen gjekk midt i veka, og tidleg på dag. Sjølv om mange feira allereie på torsdagen, hadde andre i bakhovudet at dei skulle på jobb på fredagen. Men sigeren over Brann i semifinalen er ei så stor hending, at dette skal markerast.

– Det var heilt rått i går. Og dette var berre forspelet. No blir det feiring i helga, seier Ida Therese Gjerde.

– Ein blå rus

Det var 6300 menneske til stades under kampen torsdag. No skal alle til Ullevaal. Det er ein blå rus i bygda.

– Det var ei kjekk og stor oppleving, seier Katrine Johansen, før dei planlegg korleis kollegaene på Sparebanken Møre i Ulsteinvik skal feire til helga.

– Heilt perfekt

Heia Hødd

Også blant den eldre garde var det stor stemning rundt kafébordet i Ulsteinvik i dag.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

På kafe i Ulsteinvik sit den eldre garden samla. Diskusjonen går høgt. Og dei er stolte over det Hødd presterte torsdag kveld.

– Sigeren kom ikkje som noka overrasking på oss. Vi såg Hødd i kvartfinalen mot Haugesund. Hødd var underdogs også i den kampen. Og då Haugesund slakka seg ned, var Hødd på dei med ein gong. På same måte fikk Hødd taket på Brann på heimebane. Vi kunne ikkje få det meir perfekt, seier ein av karane ved kafébordet.

– Største fotballoppleving nokon gong

På Høddvoll er sjølvsagt stemninga høg, dagen etter at det var klart at Hødd skal til cupfinalen. I sluttminutta kunne vi sjå Hødd-legenda og dagleg leiar André Nevstad stå nervøst pustande ned i folda hender. I dag er det berre gode kjensler på Høddvoll.

– Eg sit att med berre gode kjensler frå gårsdagen. Det var ei fantastisk oppleving. Dette er den største fotballopplevinga eg har hatt nokon gong. Vi fylte tribunane med svært mange Hødd-supporterar. Alt var blått. Det var Hødd-flagg over alt. Eg var rørt allereie før kampen, seier André Nevstad til NRK.

Både Nevstad, Sindre Eid og Lars Petter Rønnestad er likevel klare på at fokuset no må rettast mot søndag. Då er det nemleg ein av fleire skjebnekampar i ligaen som må vinnast for å sikre plassen i førstedivisjon.

– Det var sjølvsagt festtakter i går, men no bur alle seg på å møte Tromsdalen søndag. Den må vinnast.

Heia Hødd

Stemninga var stor på Høddvoll-huset dagen etter sigeren over Brann.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Spurte om heimekontor

Rolls-Royce har som kjent godt fotfeste i Ulsteinvik og sterk tilknyting til Hødd, med mange tilsette både på spelar- og trenarsida. Difor var det enda høg stemning på kontoret då NRK vitja dei fredag formiddag

– Ja, praten har gått i eitt sett heile dagen. Kjempekjekt at vi skal til Ullevaal, seier HR-ansvarleg Øyvind Halkjelsvik.

– Registrert mange eigenmeldingar etter festen i går?

– Hehe, nei men eg har registrert at det er mange som manglar stemme i dag. Det var ein som sendte melding til sjefen vår klokka 05.00 i natt og spurte om han kunne ha heimekontor i dag, men eg veit ikkje kva svar han fikk, ler Halkjelsvik.

I kveld (fredag) skal Rolls-Royce ha ei sosial tilstelling, og det er lov å tru at sigeren i semifinalen vil gje ein ekstra spiss på arrangementet.

Rolls Royce

Stemninga er ikkje noko lågare hjå dei tilsette ved Rolls-Royce.