Hopp til innhold

– Det var ei stor ære å få møte dronninga

Det var ein stor dag for Astrid Tennfjord Alnes (11) då ho fekk møte dronninga på Alnes i dag.

Astrid Tennfjord Alnes og dronning Sonja

Astrid Tennfjord Alnes (11) synest det var stor stas å få møte dronning Sonja på Alnes i dag.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Dronning Sonja besøkte i dag Sunnmøre for å opne det nye fyr- og opplevingssenteret ved havgapet på Alnes.

Astrid Tennfjord Alnes frå Godøy skule hadde fått det ærefulle oppdraget av å vere blomsterjente under opninga fredag. Sjølv om ho ikkje visste kvifor ho hadde blitt valt var det stort for 11-åringen å få møte dronninga.

– Eg var veldig nervøs så eg huskar ikkje heilt kva ho sa, men det var veldig gøy og ei stor ære å få møte dronninga, seier Astrid fornøgd etter å ha overlevert blomstrane til dronninga.

Dronninga var snill

Astrid Tennfjord Alnes (11)

Astrid Tennfjord Alnes (11) var svært nervøs før ho skulle møte dronninga.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Saman med fylkesmann Lodve Solholm, visepolitimeister Arnstein Nilssen og ordførar Harry Valderhaug var ho blant dei første som fekk møte dronning Sonja då ho kom til Alnes i dag.

Og sjølv om nervane var på høgspenn, blei dei roa då dronning Sonja gjekk ut av bilen.

– Dronninga verka veldig snill. Det kjendest ut som ho skjønte at eg var nervøs, så ho spurte blant anna korleis eg hadde det, seier Astrid.

– Var det stort?

– Det var veldig stort, seier Astrid og smiler.

Dronning Sonja
Foto: Silje Bjerknes / NRK
Fredag 7. oktober 2016 opna Dronning Sonja opplevingssenteret på Alnes i Giske.
Dronning Sonja - Alnes

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL