Brannsjef i Ålesund Geir Thorsen seier at presise gateadresser er viktig for naudetatane.
– Vi rykker ofte ut i ei tidleg fase der det kan vere ein røykvarslar som varslar ein nabo eller forbipasserande. Då ønskjer vi å få ei nøyaktig adresse slik at vi kan kome raskast mogleg fram til dei som treng hjelp, seier han.
- Les også:
Viktig med presise adresser
Målet er at alle i heile landet skal få gateadresser før 2015 er ferdig. Arbeidet starta i 2011, og så langt har 70 prosent fått namn og tal.
Avdelingssjef i Ambulansetenesta, Geir Grimstad, meiner at det hastar å få gateadresser på plass.
Foto: PrivatPresise gateadresser er grunnleggande for kommunikasjonen i naudetatane. Brannsjefen seier at det fort kan stå om liv og død viss husnummeret ikkje heng på veggen.
– Husnummeret er ikkje berre viktig for brannvesenet, men for alle naudetatane, ikkje minst helse og politi. Sekund kan ofte vere avgjerande, seier Thorsen.
På landsbasis er 16 prosent av alle hus og bygningar utan offisielle adresser. Avdelingssjef i Ambulansetenesta, Geir Grimstad, meiner det er kritisk at dette snart kjem i orden.
– Det hastar å få dette på plass. Presise adresser er ein føresetnad for at ambulanse og andre utrykkingskøyretøy skal finne raskt fram, seier han.
Ambulansetenesta oppmodar folk til å henge tall på husa sine. Dei er klare på at det gjer det enklare for innringaren å forklare kor dei er i akutt nød.
- Les også:
Nummeret skal vere lett å sjå
Ein ting er at ein kan adressa si sjølv, men det bør også vere enkelt å sjå tala på husveggen. Brannsjefen i Ålesund, Geir Thorsen, forklarer kor og korleis ein bør merke huset sitt med adresse.
Brannsjefen i Ålesund, Geir Thorsen, seier at presise gateadresser er viktig for naudetatane.
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK– Folk må forstå at husnummera er til hjelp for dei sjølv dersom det skjer noko.
– Det er mogleg å kjøpe skilt både på nett og i jernvareforhandlaren. Skilta skal vere svart på kvit, med svart botn, seie han.
Thorsen fortel at det er spesielt viktig at husnummera kan sjåast frå vegen.
– Pass på at det ikkje er tre og busker som dekker over skiltet. Vi syntest også det er positivt at det er eit utelys i nærleiken som gjer skiltet lettare å sjå når det byrjar å bli mørkt, seier han.
- Les også: