Rundt 18.000 innbyggarar i Ålesund og Giske måtte koke vatnet sitt etter at det oppdaga tarmbakteriar i vassforsyninga førre veke.
I helga blei kokevarselet oppheva for dei fleste, men Ålesund kommune jaktar framleis på smittekjelda.
– Vi jobbar med saka. Det er fleire kilometer med leidningsnett og installasjonar som vi må gjennomføre tilsyn på.
Det seier David Mertsching, avdelingsleiar for drift av vatn og avløp i Ålesund kommune.
Jaktar vidare på kjelda
Leidningsnettet har blitt spylt, fleire prøver har blitt tatt og kummar har blitt sjekka. Korleis tarmbakteriane hamna i vatnet, er framleis uklart.
Mertsching seier at arbeidet med å finne smittekjelda held fram utover veka. Han vektlegg at dei undersøker fleire moglegheiter.
David Mertsching fortel at dei jobbar for fullt med å finne årsaka til forureininga.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK– Vi har eit område i bysentrum som er utgangspunktet, men vi ønskjer ikkje å utelukke noko, så vi sjekkar fleire ting.
Denne veka vil dei også gjennomføre ytterlegare synfaringar og sjekke anlegga.
– Vi skal også gjere tiltak på anlegget der funnet blei gjort, seier Mertsching.
Kommunen har også sendt inn prøver til eit laboratorium, for å finne ut om bakterien stammer frå dyr eller menneske.
Mertsching fortel at det framleis er usikkert kor lang tid det vil ta å få svar på dette.
Framleis kokevarsel i eit lite område
Fredag blei kokevarselet oppheva for innbyggarane på Valderøya og Vigra i Giske kommune.
Laurdag blei kokevarselet oppheva for dei fleste som var råka i Ålesund, etter at kommunen hadde fått godkjende prøvesvar fleire dagar på rad.
– Alle prøvene sidan den som var positiv, har vore reine og godkjende, seier Mertsching.
– Vi har tatt mange prøver som har vore negative og det skal vere heilt trygt å drikke vatnet no, legg han til.
Det blei utselt for vatn fleire stadar etter at kokevarselet kom.
Foto: Ivar Eidheim / NRKUnntaket frå kokevarselet er Vannspringdalen, Fjellstua og delar av Bjønnadalvegen, Grensegata og Vervgata i Ålesund sentrum.
Der har dei til dels hatt lågt trykk og periodevis vore utan vatn.
– Her jobbar vi framleis med tiltak, så vi kan ikkje friskmelde dette område heilt endå, seier Mertsching.