– I det siste har det vore mykje om krig og sånn, så vi tenker jo på kva vi skal gjere viss krigen kjem hit.
Vårin Hansø (16) frå Kristiansund er ikkje aleine om å tenke på uroa i verda.
Mental Helse opplever ein auke i talet på personar som tar kontakt, og fleire vende seg til krisetelefonane med bekymring da Donald Trump blei vald som president i USA.
Verda er ikkje det den ein gong var, og styresmaktene ønskjer at flest mogleg skal ha ein eigenberedskap heime.
Men korleis hadde vi takla å miste ting vi ser på som sjølvsagt i dag? Kva hadde du gjort dersom straumen blei borte i lang tid?
Selma Endresen (15) trur ho hadde fått litt panikk, i alle fall dei første dagane.
– Det første du gjer når du kjem heim er jo å gå på TikTok, så det hadde jo vore rart om den moglegheita forsvann, men eg trur vi etter kvart hadde funne andre ting å gjere.
Selma Endresen er ærleg på at kvardagen hadde sett ganske annleis ut viss straumen plutseleg forsvann i lang tid.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK– Eit behov
Hansø, Endresen og resten av klassen ved Atlanten ungdomsskule i Kristiansund, har vore prøvekaninar for eit heilt nytt beredskapskurs som blir planlagt i nordmørsbyen.
Selskapet Maersk training, som i årevis har drive med sikkerheitskurs for oljearbeidarar og sjøfolk, skal no også tilby eit beredskapskurs for heilt vanlege familiar.
Målet er at enda fleire skal bli klare til å møte katastrofane som kan oppstå i Noreg.






BEREDSKAPSKURS: I Kristiansund jobbar dei med å utvikle eit beredskapskurs for heilt vanlege familiar. Ei gruppe med tiandeklassingar fekk vere testklasse for kurset.
Eirik HaukenesFor sjølv om 93 prosent kjenner til råda frå styresmaktene, ifølge ei undersøking gjort av DSB, så er det berre 70 prosent som seier at dei har styrkt, eller planlegg å styrke, sin eigen beredskap.
– Det er heilt klart at det er eit behov for det, seier senterleiar i Maersk training, Jan Erik Rolland.
Senterleiar i Maersk training, Jan Erik Rolland, fortel at det kjem til å koste 800 kroner for ein familie på fire å delta på kurset.
Foto: MAri Aandahl KippernesFirmaet held til fleire stader i verda, men førebels skal dei berre tilby dette kurset i Kristiansund.
– Vi rullar det ut her, så ser vi korleis det treff marknaden. Så er det er godt mogleg at det blir rulla ut både i Grimstad, Bergen og Stavanger, seier Rolland.
Ifølge han sjølv arrangerer dei ikkje kurset for å tene pengar.
– Vi gjer det eigentleg litt på dugnad for samfunnstryggleiken. Tanken bak det er å få folk til å tenke litt beredskap, seier han.
Er du førebudd på å kunne klare deg sjølv i éi veke?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
– Positivt at næringslivet bidrar
Rolland har ikkje høyrt om andre aktørar som tilbyr slike kurs.
Det har heller ikkje utgreiingsleiar i DSB, Tore Kamfjord, som seier at det er positivt at næringslivet ønsker å bidra til å auke kunnskapen og medvitet til folk rundt beredskap.
– For nokon kan eit slikt kurs gi den kunnskapen og tryggleiken som skal til for å komme i gang med eigenberedskapen, seier han.
Tore Kamfjord, utgreiingsleiar ved Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.
Foto: Stian Olberg / DSBMen han seier samtidig at dei har all nødvendig informasjon gratis på nettsidene sine, og at dette ikkje er eit kurs ein må ta.
Meiner kurset var nyttig
Fleire av elevane som fekk vere prøvekaninar for «katastrofeskolen», reiste i alle fall heim med ny kunnskap.
– Om eg skulle laga ei beredskapskasse no, hadde eg tenkt på heilt andre ting enn eg ville gjort for nokre veker sidan, seier Hansø.
Vårin Hansø og Selma Endresen hadde ikkje tenkt over kor mykje ein faktisk burde ha i ei beredskapskasse.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRKEndresen seier ho også blei overraska over kor mykje ein bør ha i ei beredskapskasse.
– Du tenker ikkje over at du må ha med deg medisinar og ting for å lage mat med. Eg hadde tatt oppi mat og vatn, utan å tenke på at ein må koke opp vatnet for å lage maten.
– Trur du at du vil få bruk for det du har lært?
– Ja, det trur eg. Vi har allereie vore gjennom koronapandemien, og det er svært sannsynleg at noko sånt skjer igjen, sjølv om vi sjølvsagt håpar det ikkje gjer det. Det ligg ikkje an til at det skal bli 3. verdskrig, men det er mykje uro og konflikt i verda. Og så kan det jo bli straumbrot. Vi bur jo i Kristiansund, og her er det vêr heile tida.