Hopp til innhold

– Det har vore ekstreme mengder med mus

Har du opplevd å få mus i hus, hytta eller bilen din? Du er ikkje åleine. Den siste tida har det krydd av mus.

Museinvasjon

Skadedyrbekjemparar opplever stor pågang frå folk som har mus og rotter i huset.

Foto: Vilhelm Willassen

Fleire skadedyrbekjemparar NRK har vore i kontakt med fortel at dei har stor pågang av folk som treng hjelp til å bli kvitt gnagerar i huset sitt i Møre og Romsdal.

Frode Strandman i Rentokil i Ålesund er ein av dei som opplever at det er mykje mus og rotter i husa for tida, på jakt etter mat. Det er husmusa som dominerar, men også ein del skogsmus snik seg inn.

– I haust har det vore ekstreme mengder med mus i husa, seier Strandman. Han trur det er ulike grunnar til det. Den milde hausten og vinteren gjer at gnagarane har gode forhold. Han trur også at det er mindre rovfuglar og rovdyr, som tar musa. Det betyr at musa har gode oppvekstvilkår.

Hysteriske folk

Frode Strandmann

Frode Strandman i Rentokil har ikkje få bilete av mus og rotter på mobilen. Han opplever stor pågang av folk som treng hjelp til å bli kvitt gnagerar i huset.

Foto: Remi Sagen / NRK

Dei som ringer til skadedyrbekjemparane kan ha alt frå ei mus i huset til ein stor familie. Skadene kan vere store på isolasjonen og på elektrisk utstyr. Mange er også plaga med lukt i tak og veggar.

Når folk oppdagar dette taklar dei det forskjellig.

– Vi får ein del hysteriske telefonar både når det gjeld mus og rotter. Klart at det er ei ekkel kjensle å ha rotter i hus, seier Strandman.

Felle er best

Skader gjort av mus

Musa kan gjere stor skade i huset.

Foto: Frode Strandman/Rentokil

Han seier det er fullt mogleg å sikre seg mot gnagarar i huset, men då må ein gå over heile eigedomen med lupe slik at alt er tett. Kjelldør og vindauge kan ikkje stå opne, ventilar må ha netting og ute må det ryddast. Heime hos seg sjølv heng han aldri ut fuglemat. Han fjernar også all nedfallsfrukt i hagen, slik at der ikkje skal finnast mat til smågnagerane.

– Den mest effektive og enkle måten å bli kvitt musa på er å bruke felle, seier Strandman.

Fleire mus

Jørund Rolstad er forskar ved Institutt fot skog og landskap. Han seier at det varierer mykje frå år til år kor mykje mus som finst. Det er også ulikt frå dei ulike landsdelane. Han jobbar på Austlandet og ser at der er musebestanden i oppgang.

– Dersom vi får ein gunstig vinter no, blir det eit bra smågnagerår, seier Rolstad.

Forskarane ser at dersom det blir mykje mus i skogen, er det også fleire husmus.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL