Hopp til innhold

– Bøndene må alliere seg med forbrukarane

Denne helga samlast medlemene i Bonde og småbrukarlaget til landsmøte. Dei ønskjer å alliere seg med forbrukarane for å rette fokus på sunn og miljøvenleg matproduksjon.

landbruk

Bonde og småbrukarlaget ønskjer ein sunn og miljøvenleg matproduksjon.

Foto: Keilen, Berit / NTB scanpix

Det er forholda kring matproduksjonen i Noreg som vert hovudsaka på landsmøtet i Bonde- og småbrukarlaget denne helga.

– Vi har nokre utfordringar som dagens politikk ikkje er i stand til å ta inn over seg. Auka produktivitet blir presenterte som ei suksesshistorie. Men vi får eit jordsmonn som er meir og meir utpint. Og jordbruket blir meir og meir prega av utslepp, seier Stein Brubæk, leiar i Møre og Romsdal Bonde og småbrukarlag.

Stein Brubæk i Bonde- og småbrukarlaget

Stein Brubæk er leiar i Møre og Romsdal Bonde og småbrukarlag.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Brubæk er oppteken av at det blir produsert for mykje usunn mat. Han ønskjer at landbruket og forbrukarane går saman for å sikre ein sunn og miljøvennleg matproduksjon.

– Vi treng ein politikk som set forbrukarane sine behov i sentrum. Dermed må vi førebu oss på ein ny politikk.

– Er forbrukarane for lite engasjerte?

Ja. Eg trur ikkje forbrukarane er klar over samanhengen mellom politikk og matkvalitet. No ønskjer eg meir fokus på matkvalitet, berekraft og rettferdig global fordeling, seier Brubæk.

Landsmøtet går føre seg på Gardermoen. Leiar Ann Merete Furberg sa i opningstalet at organisasjonen har auka medlemstalet for tredje år på rad. Ho kalla organisasjonen for ein garantist for ein tydeleg opposisjonspolitikk mot regjeringa sin landbrukspolitikk.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL