Hopp til innhold

– Blir heilt varm inni meg

Hundre tusen kroner frå Camilla Tafjord-stiftinga går til nytt tilbod i Ålesund sentrum.

Bymisjonssenteret

Anne Karin Zeitz og Kirkens Bymisjon er svært takknemlege for pengegåva frå Frode Tafjord i Camilla Tafjord-stiftinga.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Eg blir heilt varm inni meg når eg tenker på kva som skal skje her. Det er viktig at vi bryr oss når det er så store utfordringar rundt rus og psykiatri.

Frode Tafjord tuslar rundt inne i den gamle metodistkyrkja i Ålesund sentrum. Her skal det i løpet av året byggast opp eit bymisjonssenter. Det skal bli ein møtestad for alle som vil.

Miste dottera

Tafjord miste dottera si etter eit overdosedødsfall i 2007. Sidan det har han arbeidd med å bevisstgjere ungdommar og foreldre.

No har Camilla Tafjord-stiftinga bestemt seg for å gi 100 000 kroner til det nye bymisjonssenteret i Ålesund.

– Rusen har stjålet nok fra meg

Anne Karin Zeitz

Døra er på gløtt allereie, men Anne Karin Zeitz gler seg til den dagen dei kan opne bymisjonssenteret.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Stor overrasking

For Kirkens Bymisjon kom pengegåva som ei stor overrasking.

Dagleg leiar Anne Karin Zeitz seier at dei vart kalla inn til eit møte med Camilla Tafjord-stiftinga. Dei skulle orientere om planane sine.

– Så fekk vi vite om pengegåva. Vi vart heilt overvelda. Dette gir oss inspirasjon og kraft til å stå på vidare.

- Viktig arbeid

Frode Tafjord seier at han veit kor viktig dette arbeidet er:

– Då mi eiga dotter hadde narkotikaproblem og streva i Oslo fekk ho fleire gonger hjelp av frivillige til å kome seg heim.

Camilla Tafjord-stiftinga har samla inn pengar gjennom ni år. No går ein stor del av desse innsamla midla til det nye bymisjonssenteret.

Bymisjonssenteret

Senteret skal bli ein møtestad for alle. Frode Tafjord er glad for å kunne støtte opp om satsinga til Anne Karin Zeitz og Kirkens Bymisjon.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Pengane er samla inn gjennom sal av t-skjorter og støtte frå bedrifter og enkeltpersonar.

– Eg trur alle vil vere samde om at dette er rett bruk av pengane, seier Frode Tafjord.

Gløymde kontonummeret

Anne Karin Zeitz seier at ho vart heilt mållaus då ho fekk vite om pengegåva:

– Dei ville ha kontonummeret vårt. Eg var så skipla at eg ikkje greidde å huske det. Dette gir oss voldsom energi til å stå på vidare, seier bymisjonsleiaren.

Møtestad for alle

Ho seier at senteret skal vere ein møtestad for alle:

– Når huset er ferdig ordna skal det fyllast med aktivitet frå morgon til kveld. Senteret skal vere med på å gjere byen betre å bu i. For nokre vil det nok også vere ein grunn til å stå opp om morgonen, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL