84 km/t i 60-sone

Politiet har hatt fartskontroll i ei 60-sone på Meek i Averøy. Ni bilførarar blei målt med for høg fart, den høgste farta var 84 kilometer i timen. Dei har også hatt laserkontroll i ei 60-sone på Frei i Kristiansund. Der køyrde tolv bilførarar for fort, og høgste farta var 74 kilometer i timen.