Hopp til innhold

– Mine tankar går til 5-åringens familie

Ei 5 år gamal jente miste livet i ei bilulykke på Fursetfjellet i Molde laurdag. Jenta var frå Kristiansund og kommunen har sett i gang kriseteamet sitt.

Kjell Neergaard

Ordførar i Kristiansund, Kjell Neergaard, seier at det som skjedde er tragisk.

Foto: Roar Strøm / NRK

Det var veslejulaftan klokka 15.44 at politiet fekk melding om bilulykka der sju personar var involverte, rett før Eidsetra ved Fursetfjellet.

5-åringen døydde av skadane ho fekk og ein mann vart svært alvorleg skadd. Ordførar i Kristiansund, Kjell Neergaard, seier at omsorgsberedskapsvakta til kommunen sette i gang sitt arbeid laurdag kveld.

– Det er ei tragisk og trist ulykke som skjedde veslejulaftan og dette rører oss alle saman. Mine tankar går til familien, seier Neergaard.

Teamet frå kommunen står klar til å følge opp familien med det dei har behov for.

– På noverande tidspunkt ynskjer ikkje familien oppfølging frå kommunen, men vi fylgjer situasjonen tett, seier Neergaard.

Trafikkulykke Fursetfjellet

Sju personar var involvert i bilulykka på Fursetfjellet.

Foto: Gunnar Sandvik

Etterforskar ulykka

Det er politiet i Molde som etterforskar saka. Dei tar no avhøyr av dei som var involverte i ulykka. Dei sju personane var fordelt i tre bilar. I ein bil sat det fire personar, ein annan bil hadde to personar, medan det var ein person i den tredje bilen.

– Det kjem nok ikkje noko konklusjon på hendingsforløpet før over jul, seier operasjonsleiar Kenneth Sætre ved Møre og Romsdal politidistrikt. Politiet sa til NRK laurdag at det kunne sjå ut som om det var ei møteulykke.

Kritisk skadd

Ein mann i 30-åra fekk moderate skader i ulykka, det same fekk to menn i 20-åra. Mannen med dei mest alvorlege skadane vart sendt til St. Olavs Hospital med helikopter laurdag. Helseføretaket skriv i ei pressemelding julaftan at situasjonen for mannen i 20-åra er kritisk og at skadane er svært alvorlege.