Hopp til innhold

Fem år gamal jente omkom i bilulykke på Fursetfjellet

Ei fem år gamal jente omkom i bilulykka på E39 på Fursetfjellet i Molde. Sju personar var involvert i ulykka. Ein mann er svært alvorleg skadd

Trafikkulykke Fursetfjellet

Helikopter henta skadde like ved avkøyringa på E39 ved Opdøl i Molde.

Foto: Gunnar Sandvik

Til saman sju personar var involverte i ulykka. Alle vart sendt til sjukehus eller legevakt med ambulanse og helikopter.

Politiet stadfestar laurdag kveld at ei fem år gamal jente som sat i den eine bilen, døydde av skadane ho fekk.

Laster Twitter-innhold

Det var klokka 15.44 at politiet fekk melding om ein front- mot frontkollisjon. Det viste seg at tre bilar var blanda inn. Ulykka skjedde rett før Eidsetra ved starten av Fursetfjellet i Molde.

– Alle dei skadde er no frakta til sjukehus. Vi har ikkje oversikt over skadegraden til alle enno, seier politiførstebetent Arne Hunnes, som er på staden.

Flogen til Trondheim

Fleire personar har vore fastklemde og det er snakk om alvorlege skader. Helse Møre og Romsdal skriv i ei pressemelding at ein mann er overført frå Molde sjukehus til St. Olavs Hospital i helikopter med svært alvorlege skadar. Tilstanden hans er uavklart. For to andre menn er skadane moderate.

Brannvesenet hjelper til på ulykke på Fursetfjellet

Politiet veit ikkje kva som er årsaka til ulykka, der eine bilen hamna utfor vegen.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Politiet sa først at det skal vere seks personar som er involverte i ulykka, men seinare viste det seg å vere sju personar.

– Det er ei alvorleg ulykke. Vi har ikkje full oversikt over skadeomfanget. Helsepersonell jobbar på staden, sa operasjonsleiar John Brattland ved Møre og Romsdal politidistrikt like før klokka 16.30. Både luftambulanse, ambulanse, brannvesen og politi rykte ut.

Etterforskar ulykka

Politiet kan ikkje fastslå kva som er årsaka til ulykka, men slik det ser ut no er det snakk om ei møteulykke. Den eine bilen hamna utfor vegen.

Vegen, som er hovudvegen mellom Molde og Kristiansund, var stengt i fleire timar etter at ulykka skjedde. Politiet har starta etterforskingsarbeidet for å kartlegge kva som hende.

Laster Twitter-innhold
Fursetfjellet

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL