Hopp til innhold

35-åring må sitje i varetekt - retten meiner han kan begå nye overgrep

Ein 35 år gamal mann som tidlegare har sona ei straff for fleire valdtekter er på nytt varetektsfengsla. No er han sikta for å eit nytt overgrep – som skal ha skjedd tre månader etter at han slapp ut av fengsel.

Nordmøre tingrett

Denne veka måtte mannen igjen møte for Nordmøre tingrett.

Foto: Hansen, Bjørn / NTB scanpix

I januar blei mannen pågripen og varetektsfengsla, sikta for å ha gjort seg skuldig i eit seksuelt overgrep. Det var då kort tid sidan han slapp ut av fengsel, etter å ha sona ein dom for fleire valdtekter.

Det var i 2010 mannen blei dømt til fengsel i seks og eit halvt år for fleire overgrep. Den gongen la retten vekt på at det var snakk om uvanleg alvorlege forhold, fordi valdtektene var gjennomført på ein særleg krenkande måte overfor unge kvinner.

Mellom anna blei han dømt for å ha valdtatt ei 15 år gamal jente fleire gongar. Mannen kom i kontakt med jenta via internett og fekk henne til å sende han fleire bilete som han seinare truga med å offentleggjere dersom ho ikkje gjorde som han sa.

Lauslaten av tingretten

I februar ba påtalemakta om å få forlenge varetektsfengslinga, nettopp fordi dei meinte det var stor fare for gjentaking. Det blei særleg vist til at det gjekk kort tid frå han blei lauslaten frå fengsel til han skal ha gjort seg skuldig i eit nytt overgrep.

Tingretten var usamd i dette og mannen blei difor lauslaten. Då saka blei anka meinte Frostating lagmannsrett likevel at det var sterkt sannsynleg at mannen vil gjere seg skuldig i nye overgrep. Dermed blei mannen på nytt varetektsfengsla etter få dagar.

Ba om forlenga varetektsfengsling

Det er denne rettsavgjerda påtalemakta no har fått medhald i å forlenge enda ein gong. Då lagmannsretten i februar innvilga fengsling i fire veker, blei det samstundes vist til at mannen burde sitje i varetekt fram til saka kjem opp for retten. Det vil truleg skje i juni. Etterforskinga i saka er avslutta.

På bakgrunn av dette har Nordmøre tingrett no forlenga fengslinga av mannen fram til starten av mai.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL