Hopp til innhold

Fann 3000 år gamalt reingevir – forskarane ber turfolk følgje med

Eit gevir frå bronsealderen tyder på at reinsdyra har levd i stupbratte vestlandsfjell nær kysten. No ber forskarane turfolk om hjelp til å oppdage nye funn ved brekanten.

Reinsdyrgevir fra Sunnmørsalpane som er rundt 3000 år gammelt.

FRÅ BRONSEALDER: Dette reingeviret blei funne i Sunnmørsalpane i haust. No er det klart at det er rundt 3000 år gammalt.

Foto: Runar Hole

I haust gjorde fjellturisten Thomas Skogvold eit unikt funn på tur opp til den 1533 meter høge toppen Leirvasshornet i Sunnmørsalpane. Eit reingevir hadde smelta fram og låg ved brekanten.

No er det klart at geviret har lege trygt bevart under isen i rundt 3000 år, ifølgje dateringa NTNU har gjort.

Thomas Skogvold var så ivrig på å få svar kjapt at han sende det inn til datering sjølv, då det skulle vere raskare enn den offisielle vegen. Han betalte nesten 5000 kroner for det.

– Det var verdt det, det er ikkje kvardagskost å finne noko som er så gammalt. Og så er det stas og veldig artig å kunne sette historia i nytt lys, seier Skogvold.

Gir ny kunnskap om reinsdyr

Det spesielle er at det aldri har vore funne gevir så langt vest på Sunnmøre. Det er også det første på denne sida av den 110 kilometer lange Storfjorden, som ender i Geiranger.

Arkeolog Runar Hole

Arkeolog Runar Hole er spesialist på fangstanlegg frå dei tidlegaste tider. Her på Leirvasshornet.

Foto: Astor Furseth

– Det er frykteleg spennande at vi kan sjå kor reinen har vore i tidlegare tider og lære korleis dei har brukt areala i Noreg, seier arkeolog Runar Hole.

– Kan det seie noko om fangst også?

– Ja, i yngre bronsealder blei det drive jakt og fangst av villrein, som ein kan sjå etter funn andre stader i landet. Vi håper å finne spor etter reinsdyr vidare vestover mot kysten til Sykkylven, seier Hole.

Slike spor kan og til dømes være jaktreiskapar eller steinmura fangstanlegg for villrein. Det er gjort fleire funn lenger vest på Sunnmøre som truleg er anlegg for jakt og fiske.

Steinmurar i Ørsta, som truleg er fangstanlegg for villrein. Frå 2016.

Desse steinmurane blei undersøkt på Hestefjellet i Ørsta i 2016. – Det ser ut som eit kombinert jakt og fangstlegg for rein, dei har nok jaga dyra opp på fjelltoppen, seier Runar Hole.

Foto: Runar Hole

Ber folk følgje med ved isbrear

Vi er vande med å sjå mykje reinsdyr i flatare område som Finnmarksvidda og Hardangervidda. Fjella i Sunnmørsalpane er stupbratte, og tydelegvis har reinen trivst i slike terreng også.

– Det er eit usannsynleg vilt og utilgjengeleg landskap. Så det er eigentleg heilt uventa at det var rein, og truleg fangst og jakt der, seier lokalhistorikar Astor Furseth. Han var også med og henta ned geviret.

Reingeviret blei funne på Leirvasshornet på Sunnmørsalpane, i Stranda kommune. Lenger vest er det spor det som truleg er fangst- og jaktanlegg.

Forskarane vil gjerne ha fleire funn, og Furseth ber turfolket om å halde augene opne når dei går i fjell på over 1300 meters høgde. Særleg bør dei sjå etter bein, pilspissar, merkelege steinformasjonar og anna som kan ha kome ut av isbreens tidsmaskin.

– Vi lever i ein veldig gunstig oppdagartid akkurat no. Det er første gong på kanskje 6000 år at breen trekker seg så langt tilbake, iallfall permanent. Vi ser område som menneske ikkje har sett på lang tid, seier Furseth.

Det gjorde også to turkameratar som nyleg fann eit gevir i Stryn, som viste seg å vere over 4000 år gamalt.

Funn av reinsdyrgevir i Sunnmørsalpane

Reingeviret blei funne like ved kanten av isbreen. Her med Thomas Skogvold og Astor Furseth då det blei henta ned.

Foto: Runar Hole

Fekk behalde geviret

Finnaren Thomas Skogvold gjorde heilt rett då han kom over geviret. Han lét geviret ligge, noterte koordinatane og varsla ekspertane. Så blei han med som vegvisar då det blei henta ned.

Han har fått lov til å ta vare på geviret sjølv etter at forskarane har fått vite det dei treng.

– Eg har det framleis og har planar om å ramme det inn, seier Skogvold.